Framtida.no fyller 10 år i haust. Me feirar jubileet på forskot med ein kavalkade av dei beste aprilsnarrane våre.
mm

1. Må grava opp Ivar Aasen

«I dag startar gravearbeidet på Vår Frelsers gravlund i Oslo som kan gje svaret på det mange har spurt seg; om Ivar Aasen verkeleg er den ukjende tippoldefaren til Jon Fosse».

Det meldte Framtida.no 1. april 2011 i vår aller første aprilsnarr. Det hadde seg nemleg slik at Ivar Aasen var i Standebarm i 1844, året før oldefar til Jon Fosse, Nils Fosse, vart fødd.

No skulle difor arkeolog Rolf Køpslirpa (anagram for aprilspøk) få hjelp av masterstudentar ved Rettsmedisinsk Institutt, som skulle samanlikna DNA-prøvar frå Aasen med blodprøvar frå Fosse.

Kristofer Olai Ravn Stavseng og Synnøve Marie Sætre gjer seg klare til kamp – no kjem kvinnegruppa Ottar Grepstad. Foto: Anders Veberg

2. Kuttar hankjønn frå språket

– Nynorskbrukarar møter den same undertrykkinga i arbeidslivet som mange kvinner har måtte slita med i mange år.

Det sa påtroppande leiar i Norsk Målungdom, Synnøve Marie Sætre, til Framtida.no 1. april 2015.

Målungdommen var nemleg med på spøken om at dei ville skipa Kvinnegruppa Ottar Grepstad, som skulle kjempa mot patriarkatet samstundes som dei sikra nynorsk i arbeidslivet.

I tillegg til å kutta hankjønn frå språket føreslo dei mellom anna kvotering av nynorskbrukarar i alle styrer, skattelette for nynorskbrukarar og lønnstillegg for nynorskbrukarar i Staten.

3. Nynorsk Las Vegas på Stord

Nye EØS-reglar opnar for storstilt casinoverksemd og fritt spritsal i område med minoritetsspråk, melde Framtida.no 1. april 2014. Dimed var det på Stord klart for byggjing av casino, hotell, konsertarena, opplevingssenter, strippeklubbar, spritsal – og køyr-inn-kyrkje.

– Synda har kome til jorda. Då er det på tide at ho òg kjem på nynorsk, heitte det i ei pressemelding frå Mållaget som jubla over tiltaket.

Sist, men ikkje minst, hadde Olav Stedje fått med seg Odd Nordstoga og Oddvar Torsheim og skipa Dei nynorske gitarkameratane.

Ville Aasmund Olavsson Vinje vore hipster om han hadde levd i dag? (brillene er manipulert inn på bildet)

4. Nasjonalt hipstermuseum i Vinje

Kampen om kvar Nasjonalt hipstermuseum skal lokaliserast, er endeleg over etter mange års strid, kunne Framtida.no melda 1. april 2016.

Vinjesenteret stakk av med sigeren, dagen før bursdagen til hipsterhovdingen Aasmund Olavsson Vinje.

Trendforskar Brynjar Skjeggestad meinte Aasmund Olavsson Vinje har vore viktig for hipsterrørsla i Noreg.

– Vinje jobba med noko innan media, han var gründer, skreiv dikt og likte å reisa. Dessutan brukte han nynorsk og hadde skjegg. På mange måtar var han ein trendsetjar, sa den fiktive forskaren i saka.

5. Tomt for angrepiller etter Earth Hour

Den siste laurdagen i mars vert Earth Hour markert ved at folk over heile verda sløkker lyset i ein time. Søndag 1. april 2012 kunne Framtida.no melda om akutt angrepillemangel som følgje av markeringa.

«Helsetilsynet følgjer situasjonen nøye, og har allereie tatt opp saka med Helse- og omsorgsdepartementet, sidan det normalt er lite distribusjon av legemiddel i påsken.

Kvinner som lurer på kva dei no skal gjera blir bede om kontakta næraste lokalsjukehus,» heitte det i saka.

6. Framtida.no åpner for bokmål

Den kanskje mest kontroversielle aprilspøken i Framtidas historie kom i 2017.

«I en meddelelse henleder Framtida.no oppmerksomheten på de nylige uttalelser fra VGs redaktør Gard Steiro, hvori planene om den vordende språklige bestrebelse har sin opprinnelse.

– Vår eksistensberettigelse knyttes til nynorsk, men det utelukker ingenlunde enhver benyttelse av bokmål, sier Framtida.no-redaktør Svein Olav Langåker i en meddelelse.»

Det var sjølvsagt ikkje riktig.

Kva aprilsnarr er din favoritt?

Kva aprilsnarr er din favoritt?

Grava opp Ivar Aasen ✝️34
Hankjønnet forsvinn ✂️8
Nynorskens Las Vegas 💰🎲9
Nasjonalt hipstermuseum 🧔13
Tomt for angrepille etter Earth Hour 👶10
Framtida.no på bokmål ‼️10
Svar totalt: 84
Oppdatert: onsdag 1. april 2020 21.14

LES OGSÅ

ANNONSE