Ungdommen flyktar frå Facebook
Facebook har mista 208.000 daglege, norske brukarar mellom 15 og 29 år dei siste to åra.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det anslår Kantar. På to år har talet på daglege brukarar i aldersgruppa falle frå 83 til 64 prosent, skriv Kampanje.
Kantar Medias marknadsdirektør Ingvar Sandvik reknar med at 908.000 nordmenn mellom 15 og 29 år brukte Facebook dagleg i siste kvartal.

Ingvar Sandvik i Kantar fortel at det dei siste åra har vore ein trend at unge forlet Facebook. Foto: Kantar
Ifølgje Sandvik var talet redusert til 700.000 i same kvartal i 2020.
– Vi såg allereie i åra 2015 og 2016 på nokre underliggjande indikatorar som gav signal om at konsumet og kor viktig Facebook er for denne aldersgruppa, var i endring, seier Sandvik.
Drygt 3,5 millionar nordmenn har ein Facebook-profil, og 67 prosent brukar han dagleg, viser tal frå Ipsos frå førre kvartal.

SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes meiner vi står i fare for å bli industriarbeidarar for Facebook og Google, der vi både produserer og er råstoffet. Illustrasjon: Colourbox