Alexander Harald Sandtorv har skrive bok om dei eklaste tinga han veit

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på Framtida Junior. Der kan du også lese om Andréa Othilie (12) som har ei stor rolle i den nye julekalendaren til NRK.

– Alt som står i boka har gjort minst tre vaksne kvalme. For å verkeleg kjenna på at det eg skreiv om var ekkelt, fekk eg meg sjølv til å spy.

Det seier forfattar Alexander Harald Sandtorv, som no gir ut boka «Ekkelt». Boka handlar om nettopp det – alt han synest er ekkelt. Han fortel at han har lært mykje om temaet.

Ekkelt: Verda er full av ekle ting. Men kva er skikkeleg ekkelt? Og kvifor er det ekkelt? Det får du svar på i denne boka. Foto: Cappelen Damm

– Noko av det som er fint med å vera born, er at ein er open og nysgjerrig. Det gløymer ein litt når ein blir vaksen. Då eg skreiv boka, fann eg ut mykje som eg ikkje kunne frå før.

At det var nettopp dette temaet han ville skriva om, handlar om bakgrunnen hans. Alexander Harald Sandtorv er førsteamanuensis i kjemi ved Universitetet i Oslo, og har skrive fleire lærebøker i kjemi og fagbøker for barn og unge.

– Eg ville skriva ei bok som har litt forsking i seg, sidan eg er utdanna naturvitar.

Etter litt undersøking, fann han ut at det ikkje fantest ei bok om temaet. Det ville han gjera noko med.

Gulp i munnen

– Kjensla om at noko er ekkelt, er noko alle menneske kjenner til. Eg ville finna ut kva det

Ekkel hund: – Eg har med ei historie i boka, som handlar om ein hund som er på tur og et ein bæsj. Etter han har ete bæsjen, spyr han – og så et han spyet. Det var skikkeleg ekkelt å skriva, seier Sandtorv. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

eigentleg betyr og kva som er grunnen til at me synest noko er skikkeleg guffent.

Sandtorv har brukt seg sjølv som eksperiment, og er klar på kva han meiner er det eklaste.

– Av dei tinga eg har tatt med i boka, trur eg faktisk gulp i munnen vinn, seier forfattaren og ler.

Ting som kjem ut frå andre folk og enkelte matvarer synest han også er ufyseleg.

– Eg synest kyllingfilet er kjempeekkelt. Kvar gong eg lagar det til middag, spør eg meg sjølv kvifor eg gjer det.

Gulp i munnen: Dette er det eklaste som er med i boka, ifølgje forfattaren.
Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Sushi og småkryp

– Det eklaste eg veit, er tjukke larvar, slike som lever i gamle tre. Dei er veldig tjukke og slimete. Æsj!

Det seier Brede Orrestad (9). Framtida Junior har snakka med tre elevar ved Trudvang skule i Sogndal om kva dei synest er det eklaste i verda.

9 år gamle Liv Husabø Vatlestad synest sushi er det eklaste som finst.

– Det ser ekkelt ut. Eg har smakt det, men det var ikkje noko godt. Fisk smakar ikkje så godt.

For Ella Høgi Nes er det derimot edderkoppar som er det eklaste ho veit.

– Eg tør ikkje røre dei eingong. Uansett kor stor eller liten han er. Eg tykkjer edderkoppar ser skikkeleg ekle ut med lange, tynne bein, fortel 9-åringen.

Brede Orrestad, Liv Husabø Vatlestad og Ella Høgi Nes synest ulike ting er ekle. Foto: Vilde Ness / kollasj Framtida Junior

– Ekle ting er gøy

No håpar Sandtorv at andre enn han synest boka er skikkeleg ekkel.

– Boka passar for born som er nysgjerrige og som har lyst til å lesa ei bok som er litt uvanleg. Kanskje ho kan få born til å tenkje og stille spørsmål om det som er rundt oss. Og så håpar eg at dei som synest ekle ting er gøy, vil like boka. Det er jo ei artig bok.

– Freistar det å skriva fleire ekle bøker?

– Eg og forlaget snakkar om kvar vegen går vidare, men det kan eg ikkje seia så mykje om enno. Kanskje forlaget synest at eg er så ekkel at dei ikkje vil at eg skal skrive fleire bøker, seier han og ler.


Frå boka Forrådt i serien Dragens øye. Bilde: Egmont Kids Media