Bokmelding av «Dragens øye: Forrådt»: – Magisk!

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I lang tid har norske teikneseriar for barn vore ei mangelvare. Norske teikneseriar har stort sett blitt laga av, handla om og vore for middelaldrande menn. Barn har vore nøydde til å ta til takke med omsette utanlandske seriar. Men plutseleg endra det seg. Den norske teikneseriemarknaden for barn eksploderte.

No har leselystne barn ein heil flora av originale norske seriar å velja og vraka blant. Særleg Nordlys-serien av Malin Falch har fått mykje merksemd, men det er berre toppen av isfjellet.

Og tidleg i år vaks mangfaldet av norske teikneseriar for barn seg endå større. Då kom teikneserieboka Forrådt av Charlotte Sandmæl ut. Det markerte byrjinga på den heilt nye serien Dragens øye.

Charlotte Sandmæl står bak serien Dragens øye. Foto: Egmont Kids Media

Charlotte Sandmæl kan kallast ein erfaren teikneserieskapar. Ho har sidan 2015 laga diverse teikneseriar, til dømes nett-teiknserien Tavarsia som blei folkefinansiert. Forrådt er hennar fyrste bok og den fyrste teikneserien ho har laga på norsk.

Hovudpersonen er askealven Kha og hen er sannsynlegvis den fyrste hovudpersonen i ei norsk barnebok som er ikkje-binær. At Kha er korkje gut eller jente er ikkje noko stort poeng i boka, men kjennest heilt naturleg.

Kha sitt store problem startar når hen og syskenbarnet Lyra skal bli testa av månebrønnen. Det er eit viktig ritual og alle forventar at Kha etterpå kjem til å bli peikt ut som det nye overhovudet i familien. Men Lyra stel magien til Kha, og hen blir nøydd til å leggja ut på flukt.

Det er ikkje noko å utsetja på teikningane, dei er både vakre og fantasifulle. Visuelt så er dette i toppklasse. Eg er imponert over kor mykje kjensler som blir formidla gjennom illustrasjonane. Òg dynamikken og layouten i teikningane er framifrå.

Det er lett å bli begeistra når ein les Forrådt. Forteljinga er fengjande og har alle dei magiske ingrediensane som god fantasy treng. Tøffe konfliktar, sterke kjensler, trolldom, vakre landskap – og ikkje minst søte drakar.

Det er fleire småting som gjer at boka ikkje er så bra som ho kunne ha vore. Plottet er litt for tungt, særleg i starten. Korleis det magiske systemet og samfunnet i denne fantasiverda fungerer er det vanskeleg å få grep om. I byrjinga er det òg vanskeleg å skilja dei ulike karakterane frå kvarandre, dei er rett og slett for visuelt like. I det fyrste kapittelet har til dømes Kha og Lyra temmeleg lik utsjånad, dei har den same klesstilen og liknande frisyre.

Eg har eit stort ønskje for dei neste bøkene i Dragens øye, og det er mindre tekst. Teikningane er i seg sjølv svært forteljande og treng berre å bli støtta av minimalt med tekst. Eg er overtydd om lesaropplevinga hadde vore betre viss språket og teksten hadde vore meir gjennomarbeidd. På nesten kvar einaste side er det setningar som med fordel kunne ha vore kortare. Språket er kronglete og fullt av unødvendige flosklar. Med litt meir sjølvtillit på at teikningane er såpass gode at me ikkje treng tekst for å forstå alt så kan dette fort bli veldig mykje betre!


LES OGSÅ: Bokmelding: Troll i ord: – God, men med bismak

Frå framsida på Troll i ord-antologien til Überpress.

Fakta

  • Tittel: Forrådt
  • Serie: Dragens øye
  • Teikneserieskapar: Charlotte Sandmæl
  • Forlag: Egmont
  • Utgitt: 2021
  • Sjanger: Teikneserie