Dette er påskeferieråda frå regjeringa – ikkje gå hytte til hytte
Regjeringa presenterte tiltak og råd for påskeferien. Dei gjeld frå og med onsdag fram til 7. april.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
- Last ned smittestoppappen før påskeferien.
- Ikkje reis utanlands!
- Karantenehotell: Alle som kjem heim frå unødvendige fritidsreiser til utlandet, må på karantenehotell fram til dei har framvist negativ test, tidlegast på dag tre.
- Unnatak for karantenereglar: Folk som får unntak og kan følgje vanlege karantenereglar, er dei som har vore på arbeidsreiser, og dei som må gjere andre sterkt nødvendige reiser, som å delta i gravferder og besøkje alvorlege sjuke familiemedlemmer.
- Hald deg heime viss du er sjuk, og ikkje dra nokon stad viss du er i karantene eller ventar på testsvar.
- Følg reglar frå heimkommunen: Kjem du frå ein kommune med høg smitte og strenge reglar, må du òg følgje desse reglane der du held til påska.
- Nærkontaktar: Unngå fleire enn ti kontaktar i veka.
- Besøk: Unngå besøk av meir enn fem personar.
- Éin meter avstand: Personar som ikkje kjem frå same husstand, må halde minst éin meters avstand.
- Lov å reise på hytta: Det blir ikkje hytteforbod, dersom ein er påpasseleg med smittevern. Unødvendige reiser skal unngåast.
- Handle heime: Gjer innkjøp heime før du dreg på hytta.
- Unngå kontakt med andre menneske på reisa og under opphaldet.
- Hytte til hytte-turar vert ikkje tilrådd.
- Ubetente hytter må reserverast på førahand.
- Unngå kollektivtransport viss mogleg.
- Ein kan reise på hotell innanlands, men må halde avstand til andre gjester.
- Personar som kjem frå kommunar med høgt smittenivå, bør ikkje reise på hotell eller andre overnattingsstader der mange samlast.
- Overnattingsbesøk blir rådd mot.
- Barn og unge under 20 år og åleinebuande kan ha overnattingsbesøk av éin eller to faste venner.
- Utandørs sosialisering: Vel helst påskeaktivitetar som går føre seg utandørs, der smitterisikoen er minst.
- Unngå serveringsstader og andre stader der det lett kan finnast trengsel og er vanskeleg å halde ein meters avstand til andre.
- Alpinanlegg: Ein kan besøkje alpinanlegg, men unngå trengsel og følg smittevernreglane.
- Religiøse samlingar: Ein kan dra på gudstenester og religiøse samlingar der ein bur, men samlingar med personar frå ulike kommunar blir rådd mot.
- Alle påskeråda kan ein lese om på regjeringa.no.