Feministar og skeive må stå saman på kvinnedagen!

Martine Amsrud Dietz, Sebastian Wie Murphy og Johanna Breivang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

8. mars er tida for samarbeid og samhald, for skeive og feministiske aktivistar.

Store delar  av kampen for kjønnsfrigjering er kampen mot patriarkatet. Heteronorma undertrykker alle kvinner, og patriarkatet undertrykker alle skeive. Difor er det viktig at både vi i kvinnekampen og vi i den skeive kampen står saman.

Hierarki av undertrykking

Kapitalistiske samfunn er bygga på hierarki av undertrykking. Dette hierarkiet tener på at visse folk er på botn. Og vi ser tydeleg med kapitalismen og patriarkatet at kvinner og skeive utgjer ein stor del av botnen.

Lesbofobi og transfobi er oftast eit aspekt av kvinnehat, og er rota i det.

Ideen om at kvinner sin verdi er å vera til nytte for menn og føde barn, er eit patriarkalsk syn som i tillegg til å være kvinneundertykkande, er lesbofobisk og cissexistisk.

Viss vi skal effektivt kjempe mot undertrykkande aspektet av kvinnehat og patriarkatet, må vi jobbe imot dei strenge og avgrensande ideane av binært kjønn, kjønnsroller og heteronorma.

Økonomisk undertrykking

Kapitalismen undertrykker kvinner og skeive økonomisk. Kvinner tener framleis 87 kroner av hver 100 lapp ein mann tener, og det har blant anna komme fram i SSB si undersøking at skeive er blant dei som toppar statistikken på økonomiske manglar og vanskar.

Dette kan sjåast i samanheng med at systemet systematisk plasserer nokre grupper på botnen av hierarkiet. Om det så er arbeidarar, minoritetspersonar, skeive eller kvinner. Difor er det viktig at vi står i solidaritet med kvarandre, og kjempar saman mot det som held oss alle nede.

Slik kapitalismen tener på å undertrykke enkelte grupper, tener skeive og feministiske aktivistar på å samarbeide med kvarandre.

Fridom frå heteronormative kjønnsstrukturar

For at kvinner skal vere fri må dei ha rett til å være den dei er, det også utanfor dei binære og heteronormative kjønnsstrukturane.

Kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp må inkludere det at dei skal kunne ha barn med, gifte seg med, og vere saman med andre kvinner.

På lik linje skal kravet om kvinner sin rett til å bestemme over eigen kropp inkludere tilgjengeleg, offentleg og effektiv tilgang på kjønnsbekreftande behandling for transpersonar.

På 8. mars kjempar vi for kjønnsfrigjering, vi kjempar for kvinner, vi kjempar for skeive og saman kjempar vi mot det som held oss nede.

Gratulerer med kvinnedagen!


Har du noko på hjarta? Skriv inn til: tips @ framtida.no


Les også Johanna (24) sitt innlegg om å vere bifil: «Eg har blitt kalla for pervers og ekkel»

Johanna Breivang frå Steinkjer er skeiv aktivist og målmenneske. No tek ho eit oppgjer med bifobi. Foto: Privat