Han fortel at programmet ønskjer å visa mykje av det ein endar opp med å bli som vaksen.
– Alle born får til slutt ein vaksen kropp. Me håpar at programmet får born og unge til å tenkja at «hei – eg har ein normal kropp, og det har du også!»
- Les også intervjuet med Jenny Jordahl: – Det er ikkje meg eller deg det er noko gale med. Det dårlege sjølvbiletet knytt til kropp og utsjånad vert påført oss utanfrå.
Åtvarar om nakne kroppar
Programleiaren trur at mange kan synast at programmet er interessant, men også litt flaut.
– Eg hadde nok sett på programmet då eg var born, men eg trur eg hadde gjort det åleine.
At programmet kanskje er noko ein vil sjå åleine og ikkje saman med resten av familien, har dei tatt omsyn til. Episodane startar med info om at det kjem nakne kroppar på skjermen.
– Det kan jo vera litt flautt viss du tilfeldigvis ser dette programmet med foreldra dine, seier Dennis og ler litt.
– Det å ha eit slikt program, sjå det åleine og finne ut av ting på eigahand, er ein stor del av det å veksa opp. Infoplakaten er der for å gi borna moglegheit til å faktisk sjå det åleine, om det er det dei vil.
Sjå nokre av dei spørsmåla borna har til dei vaksne om kropp: