Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg hadde nettopp blitt pappa då eg fekk telefon om å prøvespele for rolla som prinsen. Eg har hatt skikkeleg adrenalinkick sidan då, og no er vi endeleg i gang med denne vakre storfilmen.

Det fortel Cengiz Al i ei pressemelding frå Nordisk Filmdistribusjon.

– Det følest som ei draumerolle!

Filmromanse med Astrid S

Skodespelaren er kjend for mange gjennom NRK-serien SKAM, og har seinare vore å sjå i filmen «Alle utlendinger har lukka gardiner», basert på boka av Maria Navarro Skaranger som fekk Debutantprisen.

No skal han spele mot popikonet Astrid Smeplass i nyinnspelinga av den folkekjære juleklassikaren «Tre nøtter til Askepott» frå 1973.

«Prinsen» har sjølv delt nyhenda med følgjarane sine på Instagram:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Cengiz Al (@cengizal)

På hesteryggen

Filmen blir i desse dagar spelt inn i den norske fjellheimen, og skal etter planen kome på kino i november.

– Cengiz er ein ekte prins, både som ein fantastisk skodespelar, og som strålande menneske. Sjølv hestane våre er forelska i Cengiz, uttalar regissør Cecilie Mosli i pressemeldinga.

– Eg var eigentleg livredd for hestar, men no ELSKAR eg å galoppere, seier Cengiz.

«Men han vil nok ikkje gifte seg, han som sit på hesteryggen heile dagen. Og kva med leksene? Det får vi no sjå på.»


– Eg er så utruleg glad og audmjuk over å kunne fortelje at eg har fått moglegheita til å spele i min første film, seier Astrid Smeplass i ei pressemelding. Foto: Lars Hellebust