Astrid S har hovudrolla i juleklassikar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trudde først det var ein feil då eg blei kontakta, men etter fleire rundar med auditionar og samtalar med vår fantastiske regissør Cecilie Mosli, blei eg spurd om eg ville gjere rolla som Askepott. Då blei eg mildt sagt glad.

Det seier Astrid Smeplass (24) i ei pressemelding frå Nordisk Filmdistribusjon.

800.000 årlege sjåarar

Storfilmen «Tre nøtter til Askepott» har eit budsjett på 38 millionar og er ei nytolking av den tsjekkiske klassikaren frå 1973.

Libuse Safrankova i rolla som Askepott i den tsjekkiske originalen frå 1973. Foto: (National Film Archive (NFA), Praha)

Filmen vert produsert av Storm Film, som står bak spelefilmane om Kaptein Sabeltann og Julekongen.

Regissør Cecilie Mosli skal jobba med eit manus skrive av Kamilla Krogsveen og Karsten Fullu, som byggjer på den tsjekkiske «Tri orísky pro Popelku» av Václav Vorlícek.

Kvart år ser 800.000 nordmenn den tsjekkiske filmen på NRK 1, som er stemmelagt av Knut Risan. Filmen vart vist for første gong i Noreg i 1975, og har vorte vist årleg sidan 1996. I 2015 var filmen restaurert med støtte frå mellom anna Nasjonalbiblioteket, ifølgje NRKBeta.

Regissør: – Astrid er eit funn

Ifølgje NTB er innspelinga i gang på Lillehammer. Den opphavelege planen var å filma i Litauen, men no vert brorparten av innspelinga gjort i Noreg.

Den nye filmen skal vera premiereklar til november i år, og Astrid S delte i dag eit bilete frå første innspelingsdag.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Astrid_S (@astridsofficial)

I pressemeldinga er både produsent og regissør full av lovord om hovudrolleinnehavar Astrid Smeplass.

– Astrid er eit funn for meg som Askepott. Ho er tøff og modig, men har i tillegg ein sensitivitet og nærvær som er heilt unik. Eg er så stolt over å presentera ho som heltinna i vår historie! seier regissør Mosli i pressemeldinga


Disney skal til våren filme utfordringane klimaendringane fører med seg på Svalbard. Foto: Jess McMahon / Unsplash