Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Lars Monsen har jo gjeve ut nokre bøker, og han kjenner eg ikkje. Så viss me kunne tatt middagen over eit bål på tur i villmarka, hadde eg gått for Monsen. Lett.

Anders Totland vil gjerne ete middag med Lars Monsen i villmarka. Foto: Siv Johanne Seglem / Cappelen Damm

Dersom Anders Totland kunne invitere ein forfattar – daud eller levande – på middag, er villmarkskonge Lars Monsen førstevalet.

Det fortel 34-åringen frå Valen i Kvinnherad på e-post til Framtida.no.

– Daude forfattarar luktar så uappetitteleg, så det måtte blitt ein levande for min del, understrekar han.

Totland er utdanna kokk og samfunnsvitar, men jobbar i dag som journalist og forfattar.

Vindmølleopprør

Totland har tidlegare gjeve ut ei rekkje bøker for barn og ungdom, og fekk i 2017 Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2019 gav han ut Vintertonar, som er hans første roman for vaksne.

Sjølv reknar han med at han les ei bok i veka, men det inkluderer det som er reint researcharbeid.

Forfattar Anders Totland har skrive bok om vindmøllemotstanden i Noreg.

No er han aktuell med boka Vindmøllekampen: historia om eit folkeopprør. Forfattaren har reist rundt i landet for å freista å forstå kvifor folk går til kamp mot vindkrafta.

Vi har tatt ein titt i bokhylla hans:

«Hjertet er en knyttneve» av Ingrid Ovedie Volden fekk Anders Totland til å grine, «Tre menn til Vilma» av Gundrun Skretting fekk han til å le, matteboka på vidaregåande gjorde han sint, og «Tre vegar til havet» av Brit Bildøen fekk han til å tenkje.

Kva bok ligg på nattbordet ditt?

Eg har nyleg bytt rom med minstejenta, så eg har ikkje lenger plass til nattbord. Men det ligg nokre ullsokkar på golvet, og ein koffert med klede frå sist turneveke, som eg ikkje har rokke å pakka ut. Og så held eg på å lesa ei sakprosabok om den gamle norske oppdagaren Jens Munk.

Kva bøker les du helst?

Viss eg berre skal slappa av og kosa meg i ferien, les eg gjerne krim. Jo Nesbø og Tom Egeland er favorittar der. Elles er glad i skjønnlitteratur generelt, og liker mellom anna veldig godt bøkene til Helga Flatland. Det eg les mest av er derimot ulike slags sakprosabøker som eg les for å setja meg inn i ulike tema eg skal skriva om sjølv. Men det er jobb.

Anders Totland likar å lesa krim for å slappa av. Jo Nesbø og Tom Egeland er to favorittar. Foto: Foto: Stian Broch og Raymond Mosken / kollasj Framtida.no

Kor les du?

I sofaen eller på terrassen.

Kva for bøker vart lesne til deg som liten?

Andaktsbøker og Bibelen toppar nok lista her, sidan det var noko foreldra mine las høgt frå før middag kvar einaste dag, om eg ikkje hugsar heilt feil.

Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

Sveve over vatna av Ragnar Hovland.

«Sveve over vatna» av Ragnar Hovland er ei bok som gjorde inntrykk på Anders Totland i tenåra. Foto: Eli Berge, Fotofil.no / Kollasj Framtida.no

Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive?

Sangen om en brukket nese av Arne Svingen.

Anders Totland skulle gjerne ha skrive «Sangen om en brukket nese» av Arne Svingen. Foto: Fredrik Arff / kollasj Framtida.no

Kva meiner du gjer ei bok god?

Det kan vera så utruleg mykje forskjellig, men for min eigen del er det viktig at det teksten flyt av garde. Eg er ikkje så god på reglar og sjangrar og sånn, men det må vera ein rytme der, elles buttar det fort imot for min del.

Elles er eg ikkje så fin på det, og tenker eigentleg at alle bøker som på ein eller anna måte kan fenga og underhalda lesaren, kan vera ei god bok.

Kva bokkarakter kjenner du deg mest igjen i?

Eigentleg ingen, men eg lever litt etter Pippi Langstrømpe si haldning når ho seier at «det har eg aldri prøvd før, så det klarer eg heilt sikkert».

Anders Totland prøvar å leve med same innstilling som Pippi Langstrømpe – «det har eg aldri prøvd før, så det klarer eg heilt sikkert». Foto: SVT

Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

Det måtte blitt Arne Svingen eller Bjørn Ingvaldsen, for dei er dei einaste forfattarane eg veit om (bortsett frå serieforfattarar) som skriv bøker fortare enn eg les, så eg hadde aldri gått tom for lesestoff.

Bjørn Ingvaldsen skriv så raskt at Anders Totland hadde slept å gå tom for lesestoff om han berre skulle lese bøker av han. Foto: Ingeborg Dirdal, kollasj Framtida.no

Kva for ei av bøkene dine vil du helst sjå filmatisert – og kven spelar hovudrolla?

Vintertonar. Eg skulle gjerne sett Nils Sletta i rolla som far til hovudpersonen, som er ein veldig viktig person i denne historia.

Det får han dessverre ikkje oppleve, då Nils Sletta gjekk bort i slutten av 2020.


Ebba Schjølberg Eiring (26) debuterer med ungdomsromanen «Alt er OK». Foto: Anna Torst Saatvedt