Då eg var 20: Synnøve Skarbø droppa ut av italienskstudia og flytta heimover

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg gjekk frå å vere frykteleg rådvill med tanke på kva eg skulle bruke livet mitt på, til å følgje magefølelsen, minnest Synnøve Skarbø.

Som 20-åring sat ho ulykkeleg på ein hybel i Solheimsviken i Bergen, vel vitande om at ho hadde vald feil utdanning.

Vêr, Elle og ryddereality

Programleiaren frå Stranda har losa sjåarar gjennom både vêrmeldingar og realityprogram som Wipeout og Jan Thomas søker drømmeprinsen, etter at ho gav seg som redaksjonssjef i motemagasinet Elle.

Dei seinare åra har ho vorte kjend som ei av Noregs ryddigaste damer, eit tema ho har skrive fleire bøker om og teke med seg til tv-skjermen gjennom konseptet Synnøve rydder opp.

Hausten 2002 lanserte TV Norge programmet «Make my day», der Synnøve Skarbø var programleiar. Her er 31 år gamle Synnøve omronga av vêrmeldar Christopher Dons, Atle Antonsen, vêrmeldar og Arnulf Refsnes, Sigurd Sollien, nyheitsmeldar Mette Fossum Beyer, Ove Christian Owe, Elin Tvedt og Nikis Theophilakis.
Foto: Cornelius Poppe / NTB

I haust svinga ho seg på dansegolvet i Skal vi danse og kvar veke er ho på lufta med podkasten Synnøve og Vanessa, som er ein av Noregs mest populære podkastar med kring 100.000 lyttarar.

Men vegen frå Stranda til norske tv-skjermar har teke fleire omvegar, mellom anna via italienskstudium i Bergen.

Ciao, Bergen

– Eg hadde begynt å studere italiensk på Universitetet, fordi eg hadde fått for meg at det sikkert var meir fornuftig enn å satse på det eg egentlig ville, nemlig å begynne på medialinja i Volda.

Der hadde ho nemleg ikkje gode nok karakterar til å kome inn.

– Men då det var gått eit halvt år – og eg fortsatt ikkje hadde vore på ei einaste forelesing – innsåg eg at dette var idiotisk. Så då sa eg opp hybelen min, flytta heimover igjen, og skaffa meg praksisplass i NRK Møre og Romsdal. Har aldri vore så letta i heile mitt liv.

Skarbø vart ikkje verande lenge i heimfylket før ho vende nasen mot hovudstaden for å følgje draumen.

– Eg ville bli jobbe på TV. Men det blei mange avstikkarar på vegen, altså. For det gikk ikkje mange månadane før eg tok ei slags heilomvending og begynte på Norges Markedshøgskule i staden. Då fann eg ut at det var reklamebransjen som var min arena. Deretter blei det tekstforfattarlinja på Westerdals reklameskule, før eg jobba i reklamebransjen i fleire år.

Forventa plankekøyring

Musikken som la soundtracket til kvardagen var Madonna, Prince, Whitney Houston og anna listepop, for Skarbø har aldri vore av den typen som likar sær underground-musikk.

Her er pop-dronninga si legendariske Vogue-framføring på MTV Awards 1990:

Det sterkaste minnet frå den tida er likevel då ho valde å følge drømmen i staden for fornuften.

– Og at eg blei sambuar i Ålesund. Følte at eg var verdas heldigaste jente, og tenkte at frå no av kom livet til å bli plankekøyring, minnest Skarbø.

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Det var nok kjærasten min. Fekk min første ordentlege kjærast då eg var 17, og han var heile livet mitt i mange år.

Likar ikkje bursdagar

Skarbø kan ikkje hugsa korleis ho feira bursdagen sin den 15. oktober 1990.

– Men eg tippar eg ikkje gjorde noko spesielt, for eg har aldri likt å feire bursdagar. Blir så flau av det, av ein eller annan grunn. Men mest sannsynleg åt eg ostepop og smågodt og tenkte at eg endeleg var skikkeleg, skikkeleg vaksen, og at no hadde eg dårleg tid viss eg skulle rekke alt eg hadde planar om.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg var veldig optimistisk, og såg berre moglegheiter. Ambisjonsnivået var skyhøgt. Det var veldig deilig å ha følelsen av at livet låg der og venta på meg, og at eg kunne få til alt eg ville. Hadde nok sett for mange amerikanske filmar.

– Eg hadde ingen sperrer på den tida. Skulle eg ønske eg hadde det ungdommelige motet i meg fortsatt.

– Ikkje stress med alt

Om ho 30 år seinare hadde møtt seg sjølv som 20-åring hadde Skarbø prisa seg lukkeleg over at ho var så naiv på kva livet skulle by på av opp- og nedturar.

– Og så hadde eg nok blitt litt misunneleg på kor fin hud eg hadde, legg ho til.

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Du har god tid! Ikkje stress med alt. Eg var altfor utålmodig på å få sparka i gang livet.


Jon Niklas Rønning var berre seks år gamal då han fann ut at det var humor han ville drive med. Foto: Privat