Guinea erklærer ny ebola-epidemi
No ber landet Verdas helseorganisasjon (WHO) om hjelp med ebolavaksinar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er veldig bekymringsfullt å sjå gjenoppblomstringa av ebola i Guinea, eit land som allereie har lidd så mykje under sjukdommen.
Det seier Verdas helseorganisasjon (WHO) sin Afrika-direktør Matshidiso Moeti i ei uttaling, ifølgje Reuters.
Fire sjuke, tre dødsfall
Søndag erklærte landet ein ny ebola-epidemi etter at tre personar døydde og fire vart sjuke søraust i landet.
Utbrotet er det første i Guinea sidan det alvorlege ebolautbrotet i 2013-2016.
Den gong starta pandemien i Nzerekore, som er den nest største byen i Guinea. Derifrå spreidde viruset seg vidare og tok livet av minst 11.300 menneske. Verst gjekk det ut over Guinea, Liberia og Sierra Leone.
Guinea er i gang med koronavaksinering
I likheit med resten av verda slit Guinea med koronaviruset. Landet har 14.967 registrerte smittetilfelle og 85 koronadødsfall så langt under pandemien, ifølgje Worldometers. Det er 3,2 smitta per 100.000 innbyggjarar, som er betydeleg lågare enn Noreg sine 65,9 per 100.000.
I slutten av førre månad var Guinea det einaste blandt dei 29 fattigaste landa som hadde sett i gang med koronavaksinering. Då hadde 55 av landets 12 millionar innbyggjarar fått den russiske vaksinen Sputnik V.
Landets president Alpha Condé (82) er blant dei første afrikanske leiarane som har fått vaksinen, og kunne nyleg gle seg over nyheita om at vaksinasjonsinitiativet Covax ventar at dei kan sende millionar av vaksinar til afrikanske land i løpet av februar.
Nye smittetilfelle i Kongo
No har Guinea bedd Verdas helseorganisasjon (WHO) om hjelp med tilgang på ebolavaksinar, og WHO jobbar med dei tre landa for å auke overvaking og testkapasitet.
Den same taktikken vart brukt for å få bukt med ebolautbrotet som har herja i det sentralafrikanske landet Kongo sidan 2018.
I november i fjor erklærte Kongo og WHO utbrotet som nedkjempa. 2200 menneske mista livet i dette utbrotet og i februar i år erklærte landet eit nytt utbrot.