«Det hastar med internasjonal intervensjon for Jammu og Kashmir»

Neha Ikram (21)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

«Hvis det er et paradis på jorden, er det her, det er her, det er her.»

Sitatet er skrive av sufi-diktaren Amir Khusrau då han stod i ærefrykt for Kashmir si prakt.

Rik på naturressursar

Som ein by ut av eit eventyr, er Kashmir velsigna med skjønnheit i overflod. Kvart einaste hjørne av Kashmir-dalen frå dei krystallblå elvene til dei idylliske virvellause engene.

Regionen er rik på naturressursar og mineralrikdom som safir, marmor, kol, magnetitt, gull, boraks, brunkol, kalkstein, arsen malm, bauxitt og gips.

Kontroll over vassressursane er viktig for begge land

Kashmir vert sett på som eit viktig strategisk område på grunn av sine naturressursar. I tillegg har fleire av dei store elvene i både Pakistan og India sitt utspring i Kashmir.

Kontroll over vassressursane er viktig for begge land.

Befolkninga i Kashmir er både muslimar, hinduar og buddhistar. Over 65 % av befolkninga er muslimar.

Hindu-nasjonalisme

Dessverre er islamofobi eit problem i India.

Årsaka bak er RSS-ideologien som er med på å styre India i dag. Denne ekstremistiske ideologien blei grunnlagd på 1920-talet.

RSS-grunnleggjarane blei inspirerte av nazistane, og dei adopterte omgrepa rasereinskap og det overlegne.

Medan nazistane sitt hat var retta mot jødane, rettar RSS det mot muslimane og i mindre grad mot dei kristne.

Dei meiner at India er eksklusivt for hinduar og at andre ikkje er likeverdige borgarar.

Sekularismen til Gandhi og Nehru er erstatta av draumen om å skape ein hinduistisk Rashtra ved å underkaste India sine 200 millionar muslimar og andre minoritetar.

Den indiske statsministeren Narendra Modi (t.v) møter leiaren i Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS), Mohan Bhagwat, under opninga av eit nytt hinduistisk tempel i augsut 2020. Foto: AP Photo/Rajesh Kumar Singh

Fredsnasjonen Noreg

Sidan Noreg er eit av verda sine leiande fredsnasjonar, som har løyst fleire konfliktar, er det ønskeleg med norsk innverknad i Kashmir-konflikten.

Norske fredsinitiativ har bidrege med å løyse betente konfliktar i Colombia, Sri Lanka, Somalia, Sudan og så vidare.

I tillegg til dette er Noreg eit land som står for kvinner og barn sin rett til å ha fridom, likestilling, rettar og moglegheita til å utdanne og vere skjerma. Noreg er kjent som det landet som delar ut den prestisjefylte Nobel fredspris kvart år.

Men kvifor er det slik at Noreg som ein av verda sine leiande fredsnasjonar vender hovudet sitt for kvinnene og barna som bur i Jammu og Kashmir som blir utsette for vald, overgrep og drap?

Lukkar augo

Faktumet er at i Jammu og Kashmir har indiske myndigheiter plassert rundt ein halv million soldatar.

Særleg etter 1990 kan ein vise til menneskerettsbrotstrenda som har herja. Undertrykkinga har blitt manifestert i følgjande typar menneskerettsbrot: forsvinningar, tortur, valdtekt og overgrep mot muslimske kvinner. Regjeringsstyrkar held fram å begå alvorlege brot på humanitær lov i den omstridde staten Jammu og Kashmir.

Som menneskerettsaktivist, bekymrar den noverande situasjonen i Kashmir meg

Det er sjeldan at media dekkjer denne konflikta, då India er ei stormakt som fleire ikkje ønskjer å danne uvennskap med. Men rettferdiggjer dette det faktumet at internasjonale organisasjonar lukkar augo for det grufulle som føregår i Kashmir?

Som menneskerettsaktivist, bekymrar den noverande situasjonen i Kashmir meg. Ikkje fordi eg er etnisk pakistanar, men fordi eg bryr meg om sivile liv, spesielt kvinner og barn sine rettar. Det skjer mykje urett i verda, spesielt i land utanfor Europa sine grenser.

Valdtekt som et våpen

I Kashmir, blir valdtekt brukt som våpen. Valdtektstala aukar, kvinner og barn sine rettar blir stadig brotne.

Med valdtekt vil tryggleikstyrkane straffe og audmjuke samfunnet. Det er ei krenking av kvinner og barn sine rettar. Straffridom har vore og er frameis eit alvorleg problem i Jammu og Kashmir. Tryggleiksstyrkar har begått tusenvis av alvorlege menneskerettsbrot i løpet av konflikta, inkludert ekstra rettsdrap, forsvinningar og tortur.

Menneske, men ingen menneskelegdom

Menneske har blitt desensibilisert.

Kvifor får vi ikkje gåsehud og tårer i augo av å tenkje på dei barna og kvinnene som blir valdtekne, torturerte og haldne til fange i Jammu og Kashmir inkludert andre konfliktområde?

Korleis kan eg leve lukkeleg og ha indre fred når kvinner og barn lever eit liv fylt med tårer, skrekk, tortur og smerte. Suksessfulle er noko vi alle kan bli, men kan alle bli barmhjartige, kjærlege, og visdomsfulle – utan eit hjarte som bankar raskare og gjer pusten tyngre ved å tenkje på dei som lever eit liv fylt med urettferd.

Kor er verdssamfunnet?

FN-organ og andre internasjonale aktørar har ei viktig rolle å spele, og dei må handle med samvit for å beskytte dei grunnleggjande menneskerettane til kashmirane.

Det hastar med internasjonal intervensjon for Jammu og Kashmir. Ein beleira Kashmiri-befolkning treng presserande internasjonale rettsmiddel for rettferd, og stans av fortsetjande okkupasjonsvilkår, militarisering og krig.


Har du noko på hjartet? Skriv inn til tips @ framtida.no!