Frankrike vil gjera det straffbart å publisera film av politiet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Førre veke presenterte den franske presidenten Emmanuel Macron si regjering eit forslag til ei ny sikkerheitslov, som tek sikte på å mellom anna hindra islamistisk terror.

Eitt av forslaga er det skal verte ulovleg å publisere bilete av franske politimenn, dersom publiseringa tek sikte på å skada dei fysisk eller psykisk. Det kan straffast med eitt års fengsel og bot 45.000 euro, ifølgje nettstaden WSWS.

Fryktar grønt lys for maktmisbruk

Organisasjonen Reporters Without Borders har åtvara mot at lovforslaget kan truge journalistar og pressefridomen.

Lovforslaget har også ført til store demonstrasjonar i Paris og fleire andre franske byar denne helga, melder Deutche-Welle.

Sjefredaktør for nyheitsnettstaden Mediapart, Edwy Plenel, fryktar lova inneber eit grønt lys for dei verste delane av politiet.

– Dei ved makta prøvar i aukande grad å hindra innbyggjarar, journalistar og varslarar frå å avsløra staten sine feilsteg. Når dette skjer. Når det skjer visnar demokratiet vekk, seier Plenel ifølgje avisa.

Redaktøren understrekar at dei ikkje først og fremst er opptekne av å verne om sitt eige yrke, men å verna om fundamentale menneskerettar.

Tusenvis av demonstrantar tok til gatene i Paris laurdag 21. november for å demonstrera mot lovforslaget som kan gjera det straffbart å publisere bilete av polititenestefolk. På plakatane står tekstar som; «Dykkar våpen mot våre kamera». (AP Photo/Christophe Ena)

Frankrikes statsminister Jean Castex. Foto: Wikipedia

Frankrikes George Floyd

Det franske parlamentet skal stemma over lovforslaget frå regjeringa i dag.

Den franske statsministeren Jean Castex har forsikra franskmenn om at lova ikkje vil hindra informasjonsfridom, men fokusera på bilete som har eit klart mål om å skada polititenestefolk.

Generalsekretær i den franske National Journalists Union (SNJ), Emmanuel Poupard, meiner på si side at det ikkje endrar noko.

– Lova har berre eitt mål: Å fremme inntrykket av straffridom for polititenestefolk og usynleggjera politibrutalitet, seier han til Deutche Welle.

I sommar vart tre franske politimenn sikta for drap på Cedrik Chouviat, som vart filma av tilskodarar.

Også denne veka har fransk politi vorte kritisert for maktmisbruk, då dei brukte makt og tåregass for å bryte opp ein migrantleir og demonstrantar i Paris.

Hendingane vart fyldig dokumentert på Twitter og omtalt av nettstaden The Local.