«Før pandemien hadde vi meir plass til andre si liding»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg sit og prokrastinerer, noko det har blitt mykje av i den nye kvardagen.

Eg skrollar meg gjennom NRK, VG, Dagbladet og Aftenposten. Det er side opp og side ned med oppdateringar på koronasituasjonen her i landet, og folk som fortel om kor vanskeleg kvardagen er under pandemien. I tillegg til dette kan ein finne ein del sport, ulykker, slanketips, matoppskrifter, serietips, og kjendisnytt.

Om ein ser bort i frå USA og eit par andre europeiske land, er det heilt stille i verda rundt oss. Det er i alle fall det vi får inntrykk av i norske medium i dag.

Verda står ikkje stille

Sjokkerande nok: Verda står ikkje stille, er ikkje stille, og har ikkje stoppa opp.

Det er unntakstilstand i Puerto Rico på grunn av kjønnsbasert vald, det er opptøyar i Tunisia og i Australia tek dei til gatene for anerkjenning av urbefolkinga.

9000 menneske flyktar frå Honduras på grunn av orkan, arbeidsløyse og vald.

Kina utførte ein massearrestasjon i Hong Kong og tusenvis av menneske er fordrivne i Mosambik grunna syklonen Eloise.

Konfliktnivået i Den Sentralafrikanske Republikk aukar, det er hungersnaud i Tigray, Etiopia og indiske bønder protesterer mot landet sine jordbrukslover.

Dette er berre ein liten del av det som har skjedd dei siste vekene rundt om i verda. Verda som vi òg er ein del av. Ho har ikkje vorte sett på pause. Men det blir ikkje snakka om, for det handlar ikkje om oss.

Før pandemien hadde vi meir plass til andre si liding, og følte med andre si liding, men no har vi visst for mykje liding sjølve.

Lidinga blir for intens når polet stenger

Ja, nordmenn har det vanskeleg i dag.

Det er ein pandemi i Noreg som gjer at ein ikkje får gå på treningssenteret, shoppingtur, ein får ikkje nyte eit rikt kulturliv, eller besøke hytta.

I Noreg får ein ikkje lov å drikke seg drita på byen lenger, og då det var på sitt verste var til og med Vinmonopolet stengt. Då måtte nordmenn bestille det dei ville ha frå Vinmonopolet, eller drikke øl. Det går ikkje, nordmenn taklar det ikkje når Vinmonopolet stenger. Då bli lidinga for intens.

Koronapandemien er ikkje berre krevjande for Noreg

Sjølvsagt er det krevjande tider.

Mange kjenner på einsemd, har blitt permitterte, slit økonomisk, og finn det vanskeleg å halde på håpet og motivasjonen i ein mørkegrå kvardag.

Fleire har vore sjuke, har mista nokon som var ein nær, eller er livredde for å bli smitta eller å smitte andre. Slik er det over heile verda i dag, ikkje berre i Noreg.

Andre står overfor krig og pandemi, auka konflikt og pandemi, naturkatastrofar og pandemi

I motsetning til store delar av Noregs befolkning, er det ikkje alle som er så heldige at dei berre må handtere ein pandemi. Andre står overfor krig og pandemi, auka konflikt og pandemi, naturkatastrofar og pandemi, hungersnaud og pandemi, forfylging og pandemi, flukt og pandemi. Kvifor høyrer vi ikkje meir om dette?

Vi må ikkje miste empatien

Ein hamnar fort i ei koronaboble, alt handlar om korona på ein eller annan måte. Det er det ein snakkar om, les om, høyrer om.

Og sjølvsagt er det koronasituasjonen i vårt eige land som er i fokus, og kor synd det er i oss, når vi framleis eigentleg har det veldig bra.

Eg hadde sett stor pris på om media var med på å sprekke denne koronabobla der vi berre ser oss sjølve, og opna auga, øyra og hjarta våre igjen.

Vi må ikkje gløyme kor heldige vi er, sjølv om alt er ekstra krevjande no. Kor synd hadde det ikkje vore om empatien vart ein av dei tinga vi mista i denne pandemien?


Les også innlegget frå Ingebjørg Blindheim om angsten: «Hjelp, kva om samfunnet opnar igjen?»

Ingebjørg Blindheim under markeringa #ingenflereåmiste utanfor Stortinget, onsdag 8.januar 2020 i Oslo. Foto: @eliseamandaphoto