Dette var den mest delte nyheitssaka i fjor

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 01.02.2021 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er veldig hyggjeleg. Eg trur det viser at mange ser kor mykje dei unge har ofra gjennom denne pandemien. Og så håpar eg det viser at dei unge sjølve følte at dei vart sett, skriv helseminister Bent Høie til Journalisten.

Artikkelen inneheld talen som helseministeren heldt på ein pressekonferanse 27. april. Då takka han ungdommen for innsatsen under pandemien, noko som skapte engasjement i sosiale medium.

Martine Halvorsen sitt blogginnlegg om kjøpepress blant barn vart nest mest delt.

Deretter følgde Dagbladet si omstridde sak om yrande folkeliv på Grünerløkka i april, viser oversikta frå Nyheitsåret.

Av lokale nyheiter gjekk Altapostens sak om koronarådet til komikar Pål Riise til topps.

NRK var nyheitsnettstaden som skapte klart mest engasjement i form av Twitter-meldingar og Facebook-likarklikk, -delingar og -kommentarar med heile 31,2 millionar.

Det er nesten dobbelt så mange som VG på andreplass. Deretter følgde TV 2, Dagbladet, Nettavisen, Document.no, Resett og Aftenposten.


Kristine Medhaug Grønn (midten) sitt innlegg om å vera skeiv og kristen, vêr-Kristina sin flørt med Dangfart Tønnesen, Amanuel Meselu (19) som vart diskriminert på leigemarknaden og CV-en til Tina Bru er nokon av sakene som har gått godt på Framtida.no, men måtte alle sjå seg slått av årets nynorskkommune. Kollasj