«NYNORSKTALENT»: Arianrhod Engebø (26) har eige musikkprogram på P3

Arianrhod «Arian» Engebø er radioprogramleiar på NRK P3. Å skrive noko anna enn nynorsk er uaktuelt, og i radioen kling førdedialekta, men 26-åringen er òg ein av få som snakkar walisisk.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arianrhod Engebø (26) har eige musikkprogram på P3

Arianrhod Engebø er eitt av ti unge «Nynorsktalent», som vil bli presentert på Framtida.no framover. Kåringa er eit initiativ frå Nynorsk kultursentrum, som har sete i juryen saman med Norsk Målungdom, Framtida.no og Daniel Kvammen.

– Eg har vakse opp med eit stort språkmangfald. Eg snakkar walisisk med min walisiske familie, engelsk når pappa er der, for han skjønar ikkje walisisk, og så snakkar eg norsk med heile kjernefamilien.

Det fortel Arianrhod «Arian» Engebø på telefon til Framtida.no. Radioprofilen frå Førde har blitt ei kjend stemme for P3-lyttarane dei siste åra, mellom anna gjennom hennar eige program Arian, og no i musikkprogrammet StudioP3.

– Eg får høyre av mange lyttarar at dei likar dialekta mi, og så er det mange som lurer på kvar eg er frå.

Kjempar for å bevare språket

26-åringen har mor frå Wales, far frå Bergen, og er oppvaksen i Førde. Ein plass som mange trur er mindre enn han er.

– For ei veke sidan var det ein kollega som kommenterte eit bakverk eg ikkje hadde høyrt om – så seier han «men de har kanskje ikkje bakeri i Førde», fortel ho. 

Når vi høyrer ho på lufta, er det på førdedialekt med bergensk skarre-r. Når ho skriv på jobb, er det alltid på nynorsk. 

For journalisten er det viktig å bruke språka sine, noko ho trur stammar frå at mora lærte ho og broren opp i walisisk. Ifølgje den walisiske regjeringa var det 28,5 prosent av befolkninga som kunne walisisk i 2020, men berre 16 prosent som snakka språket til dagleg.

WALES: Arian betyr sølv/mynt på walisisk. – Så eit bilete inne i telefonkiosken skjer kvar einaste gong eg er i Wales, fortel Arian. Eit anna Wales-minne Arian har, er då ho blei måla med Wales sitt flagg i fjeset før ein rugbykamp. Foto: privat / kollasj Framtida.no

– Ho har messa til oss om at det er viktig å føre det vidare, og at folk har kjempa lenge for å bevare språket. Det same tenkjer eg med nynorsken. Det er viktig at vi tar vare på han. 

– Språk for meg handlar veldig masse om identitet, om kven eg er, legg ho til.

Resultat:  

Vurdering:  

Nervar og nerding

Framtida.no snakkar med Engebø dagen etter premieren på hennar nye radioprogram StudioP3.

– Eg har hatt mange radiosendingar før, men det er alltid litt ekstra nervar når ein står der for første gong og skal presentere noko nytt som ein har lyst til at folk skal like. Så det var veldig spanande!

No har radioprofilen teke enda eit steg i journalistkarrieren, og blitt frontfigur for kanalen si nye musikksatsing saman med medprogramleiar Nathan «Nate» Kahungu.

NYTT MUSIKKPROGRAM: Duoen Nate og Arian inviterer lyttarane inn i sitt musikkunivers i StudioP3. Dei har tre timar sendetid fire dagar i veka, men for den drivne radioprogramleiaren er det ikkje noko problem å fylle tida. – Eg trur eg har vore heldig med at eg har sendt så mykje radio aleine, og er vand med å få timane til å gå, og til tenke på måtar ein kan lene seg på musikken. For musikken drar det alltid framover, røper Arianrhod.  Foto: Jonathan Vivaas Kise.

– Med éin gong vi var i gang, så følte eg at det gjekk ganske så smooth. Eg er svært nøgd med utgangspunktet vårt, men programmet blir nok litt annleis når vi har gått oss ordentleg inn, fortel ho etter første sending.

– Forhåpentligvis skapar vi eit fellesskap for både lyttarane og artistane som kjem på besøk, fortel 26-åringen, og legg til at ho håpar at også folk som ikkje er så glade i musikknerding vil like sendinga.

Sjølv fell journalisten inn under musikknerdekategorien. Ho elskar å setje på musikk og drøyme seg vekk, og er glad i å oppdage ny musikk og nye artistar.

– Ta til dømes låta Drivers license av Olivia Rodrigo. Då ho kom ut, gjekk ho raskt til toppen av listene. Då blir eg sann «kvifor det, kva er storyen her?», og så må eg inn og lese alt om låta, all «juicen» om ho og han fyren ho syng om. Eg blir veldig gossipete i musikken.

Nokon eigen artistkarriere kan ho derimot ikkje skryte på seg.

– Nei, det nærmaste eg har kome er at eg song i russerevyen, ler ho.

Å trekkje fram ein draumegjest til programmet synest førdianaren er vrient, for som programleiar for P3 sitt nye musikkunivers, går jobben nettopp ut på å intervjue kremen av norsk musikk. 

– Men, eg har på følelsen at Karpe sikkert er litt vanskelege å få tak i, så at dei skal ha lyst til å kome, det kan ein tenkje på som ein draum.

Var livredd som fersk journalist

Då Arianhrod var yngre hadde ho mange draumar om kva ho skulle bli.

– Eg har vore innom så utruleg masse forskjellig! Då eg var liten var det ein periode eg ville bli kunstmålar, hugsar eg. Så var det ein periode eg ville bli advokat eller lærar, men eg har alltid vore litt fram og tilbake om å bli journalist.

Engebø fortel at ho så lenge ho kan hugse har vore glad i å skrive og i formidling, og journalistikk var difor noko ho blei dradd mot.

Journalistdraumen blei sett til livs då ho byrja på journalistikk, medium og kulturelle studium i Cardiff i Wales.

– Eg hadde alltid hatt lyst til å studere i utlandet. Cardiff var tilfeldigvis det studiet i Storbritannia som kom best ut på målingar innan journalistikk, og det var faktisk det same universitet som mamma gjekk på. Så det var litt hyggeleg å gå akkurat der. Det føltest litt som om det var meant to be.

STUDENT: Arian, ein walisisk drage og venninna Alice som ho blei kjent med gjennom student-TV på uteksamineringssermonien sommaren 2017. Foto: Privat

Ho trur òg det var positivt for nynorsken sin del at ho studerte i utlandet, då ho har inntrykk av at mange mistar han når dei byrjar på eit universitet eller ein høgskule med mange bokmålsbrukarar.

Gjennom heile studietida var Arianrhod i studentradioen. Tilbake i Noreg fekk ho prøvd seg i NRK Sogn og Fjordane og i lokalavisa Firda i sommarferiane.

– Eg hugsar eg var livredd! Studiet eg gjekk var svært teoretisk, så då eg var heime i Sogn og Fjordane var eg sånn «eg kan jo faktisk ingenting!». Då skjønte eg at eg måtte gå litt meir praktisk til verks, minnest ho.

Og praktisk erfraing fekk Arianrhod gjennom Nynorsk Mediesenter, der ho gjekk hausten 2017. Det førte til praksis på nettdesken i P3 på Tyholt i Trondheim. Etter det har radioeventyret skote fart.

Foto: Privat

Heilt vill oppleving

– Eg var svært heldig, for då eg var ferdig i praksis var det ei opning i NRK mP3.

Etter åra i Wales, var det klart at det var radio som låg nærast hjartet hennar, men Arianrhod tok aldri for gitt at ho skulle få jobbe med det.

– Som journalist i ein tøff bransje må ein vere open for å ta det ein får av arbeid. Men eg trur ein blir dradd mot det ein har energi for og har lyst til å gjere det bra i.

Og bra kan ein seie at 26-åringen har gjort det. Ho synest mellom anna det var stas å få leie Luttprisen i heimfylket i fjor.

– Eg har òg jobba som videojournalist på dei tre siste P3-aksjonane, og det er ei heilt vill oppleving å vere med på. Det er ein så stor gjeng som jobbar saman for å lage veldig, veldig gøy og viktig innhald.

Journalisten har òg blitt kåra til årets unge radioprofil på Prix radio i 2019, og blei nominert til årets programleiar i 2020. Nokon kjendis føler ho seg likevel ikkje som.

HØGDEPUNKT: Eit av høgdepunkta i karrieren er å ha jobba som videojournalist under P3-aksjonen, fortel Arian.  Foto: privat / kollasj Framtida.no

– Men eg forstår at når ein har ein slik jobb, kan folk ha meiningar om deg utan at du eingong har møtt dei. Det er litt rart for meg å tenke på at folk kan ha ei meining om eg er god eller dårleg i jobben min. 

Det er sjeldan ho blir kjent att av folk, men ein Newton-video ho var med i har vekt interesse.

– Vi overnatta på Ikea. Det var med store namn som Victor Sotberg og Agnetesh. Det er berre det eg har blitt kjent igjen for, at eg har overnatta på Ikea, ler ho. 

Takksemd tatovert på arma

– Å alltid kunne tenke litt nytt, sjå seg tilbake og tenke på korleis ein kan gjere ting på ein annan måte, det synest eg er viktig å hugse på, seier Arian. 

Ein ting ho derimot ikkje vil endre, er måten ho skriv på. Å skrive bokmål er heilt uaktuelt. I sosiale medium og på chat kan ho skrive dialekt, elles er det nynorsk. Ho irriterer seg over at folk med nynorskenære dialekter vel bokmål.

– Å, du gjer ikkje deg sjølv ei teneste, småropar ho i telefonen. 

Då Engebø var yngre tenkte ho ikkje spesielt over at ho skreiv på nynorsk, det var jo det som var språket hennar. Men, det er ikkje alt ho synest er like enkelt.

– At ein ikkje kan skrive passiv med -ast-ending var ein regel som var ganske ny form meg. Det er ein sann ting eg har fått mail av Ingvild Bryn om at eg gjer feil, ler ho.

Arianrhod synest heller ikkje at det fungerer så godt visuelt med ord som endar på -heit på nynorsk.

– Og anmeldelse – det kan ein ikkje skrive, men eg føler ikkje det blir heilt det same med «les om denne filmen som fekk 5 i meldinga frå Filmpolitiet».

Favorittordet hennar på nynorsk er «takksemd», eit ord ho også har tatovert på arma.

– Eg og ein vennegjeng var på tur i Kina, og fekk eit innfall om at vi måtte skrive at vi er takksame på oss. Då var det ein gjeng bokmålsbrukarar som ville skrive «takknemlighet», så vi måtte sende melding til foreldra våre og høyre korleis var det med takksemd og takksam igjen. Så blei det takksemd.

TAKKSEMD: Arianrhod saman med med mannen som tatoverte “takksemd” på arma hennar. Foto: Privat

Arian er takksam for at ho jobbar i ein redaksjon der det blir sett pris på nynorsk og dialektbruk.

– I alle fall i P3 veit eg dei har vore opptekne av å ha mangfald i dialekter. Eg veit at det har vore eit pluss for meg. 

Ho kan berre kome på positiv respons på måten ho snakkar på radio, og på at ho skriv nynorsk der ho kan bruke tekst.

– Det einaste eg har fått høyre er nokre kollegaer som har sagt «så bra du skriv på dialekta di». Nei, det er faktisk ei målform, sukkar ho oppgitt. 

– Eg hugsar faktisk at pappa sa at det var ein fyr frå Førde som hadde byrja å jobbe i radioen og at vi burde høyre på han, og det var jo der det heile starta, fortel Arianrhod Engebø om nynorskførebiletet Ronny Brede Aase. Foto: Jonathan Vivaas Kise / Gyldendal Norsk Forlag. Kollasj Framtida.no

I år klarte ikkje NRK å nå målet med 25 prosent nynorsk. Programleiaren synest det er bra at kanalen følger med på prosenten, og at NRK må vere bevisst på å få inn enda meir nynorsk.

– Eg tenker at då er vi som brukar nynorsk nøydde til å jobbe vidare og spreie det glade bodskap! 


Artist og låtskrivar, Synne Vo. Foto: Thor Håkon Ulstad/WMG Norway