«Folkeopplysningen» felt i PFU: – Ein siger for demokratiet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me synest dette er ein siger for demokratiet, både fordi det er udemokratisk å manipulere og fordi det er første gong fake news med overlegg er felt i Noreg. Det er stort.

Det seier styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Isa Maline Isene, på telefon til Framtida.no.

Saka er omtalt av VG og fleire andre norske medier.

Emmy for underhaldning, felt for etikk

Den omstridde episoden av NRK-programmet Folkeopplysningen, «Make Lillestrøm Great Again», gjekk på TV i november 2019 og klagd inn for PFU av LNU i juni 2020.

Episoden der NRK freista å manipulere elevar ved Lillestrøm videregåande skole til å stemma Senterungdommen ved skulevalet er felt på to av dei fire punkta, som LNU klaga dei inn for.

Isa Maline Isene set ekstra pris på at Pressens Faglege Utval har lagt vekt på at det er unge involvert.

– Så er det jo litt morosamt at NRK vart nominert til ein Emmy for dette. Men Emmyen er for underhaldning, og no er dei felt på etiske vurderingar.

NRK Folkeopplysningen har starta fleire falske Facebook-sider og profilar. Her avslører dei at det er «fake news». Foto: skjermdu

NRK som offentleg myndigheit

Styreleiar Isa Maline Isene gler seg ekstra over å ha sett presedens når det kjem til Vær varsom-plakaten punkt 1.5.

Vær varsom-plakatens punkt 1.5 handlar om pressa si plikt til å beskytte enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege myndigheiter og institusjoner, private føretak eller andre, medan 3.10 handlar om falsk identitet.

Ho peikar på at NRK, i tillegg til å vere ein medieaktør, òg er ein offentleg myndigheit.

– Det som er så bra med at dei vart felt på punkt 1.5 er at det kjem fram at NRK som institusjon ikkje kan gjere dette, seier Isene.

Håpar NRK har lært

I tilsvarsrunda før klagen vart handsama i PFU avviste NRK brot på god presseskikk og skreiv i sitt tilsvar at: «Prosjektet var etter NRK si meining viktig for å setje søkjelys på demokrati i praksis og framheve kjeldekritikk, sjølvstendig tenking, deltaking i offentleg debatt og ytringsfridom.»

– Trur du NRK har lært?

– Eg håpar verkeleg det. At det ligg litt lenger inne neste gang dei skal manipulere eit skuleval, som er ein så viktig institusjon for unge, svarar Isene.

Ho meiner eksperimentet ikkje tok unge på alvor og peikar på kor viktig skulevala er både for elevane, men òg ungdomspolitikarane, som jobbar hardt for å overbevisa elevane om sine kampsaker.

Leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle. Foto: Senterungdommen

Senterungdommen: – Latterleggjorde skuleval

I PFU-klaga fekk LNU støtte av alle ungdomspartia.

Leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle, synest fellinga er både rett og rimeleg.

– Eg synest måten NRK gjekk fram på er ekstremt respektlaus og uprofesjonell, seier Svelle til Framtida.no.

– Det interessante er at me har fått ei stadfesting på at skuelval ekstremt viktig, som ein del av demokratiopplæringa. At det ikkje er greitt å tulle med og manipulere slike val.

Han meiner mange er blitt meir medvitne på kor sårbare val er frå påverknad utanfrå, anten det er frå NRK eller Russland, men at NRK absolutt kunne fått fram same poeng utan å bruke metodane dei gjorde.

– Dei trakka over grensene til enkeltpersonar og latterleggjorde skuleval, avsluttar han.

Vær Varsam-plakaten

1.5. Det er pressa si oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.

3.10. Skjult kamera/mikrofon eller falsk identitet skal berre verte brukt i unntakstilfelle. Føresetnaden må vere at dette er einaste mogelegheit til å avdekke forhold av vesentleg samfunnsmessig betydning.

Kjelde: Pressens faglige utvalg