Statue av Dolly Parton kan erstatta KKK-leiar

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

13. juli er det, ifølgje loven i Tennessee, den nasjonale Nathan Bedford Forrest-dagen, etter at dette vart bestemt i år. I bygget til delstatsforsamlinga er det ein byste av Forrest og utanfor ein større statue der han rir på hest.

Slavehandlar og KKK-leiar

Så kven var denne karen?

Nathan B. Forrest i 1862-1865. Kjelde: United States Library of Congress

Nathan Bedford Forrest var general for konføderasjonen i den amerikanske borgarkrigen (1861–1865).

Men også slavehandlar og mellom anna ansvarleg for ein av dei verste massakrane av svarte troppar under den amerikanske borgarkrigen.

Han var også ein av dei første Grand Wizard (leiar) for den rasistiske, høgreekstreme gruppa Ku Klux Klan.

Ifølgje ei underskriftkampanje for å få bysta fjerna, kallar statsmuseet han ein «terrorist».

– 100 andre fortener det meir

Jeremy Faison

Politikar og republikanar Jeremy Faison er ein av dei som ynskjer å få vekk bysta. Han ynskjer også minnast slavane i bygget, særleg fordi bygningen vart delvis bygd ved hjelp av slavar.

– Eg kunne tenkt på 100 andre personar som fortener den plassen meir enn Forrest, seier han til Tennessean, og foreslår å få opp ei dame der i staden.

Vil ha ei kvinne i staden

– Dotter mi er 16 år. Eg hadde elska det om ho kunne koma her til delstatsforsamlinga og sjå ei dame der oppe.

Han dreg fram to kvinner frå heimstaten:

Dolly Parton-statue. Foto: wheelnanddealin/Flickr

– Kva er feil med Anne Dallas Dudley? spør han, og siktar til ein av suffragett-aktivistane.

– Kva er feil med Dolly Parton?

Det finst allereie ein statue av country-songar Parton utanfor rettshuset i Sevierville, Tennessee.

Ho skal ikkje ha kommentert forslaget så langt. I mange år har ho motteke hat og dødstruslar frå KKK, etter at ho arrangerte «gay day» i parken hennar Dollywood.