Færre medlemmer i DNT trass i at fleire går på tur
Mange gjekk tur i Noreg i 2020, men Den Norske Turistforening mista medlemmer.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Koranasituasjonen gjorde at fleire DNT-hytter måtte halde stengt. Det gav færre medlemmer i DNT.
– Mange melder seg inn fordi dei skal overnatte på hyttene eller vere med på ein tur. I fjor var det mindre av dette, seier Astrid Kalstveit, dagleg leiar i Sogn og Fjordane Turlag, til NRK.
Fylkeslaget i Sogn og Fjordane mista i fjor 282 betalande medlemmer. Noko som òg speglar den nasjonale trenden. Den Norske Turistforening (DNT) mista 1,5 prosent av alle medlemmer i 2020. Det svarar til om lag 5000 personar.
Samstundes som at Den Norske Turistforening mista medlemmer hadde turportalen deira UT.no ein trafikkvekst på 71 prosent.
- Les også om Tomine sitt forsøk på å bli eit friluftsmenneske: Eg – eit friluftsmenneske