7 av 10 nordmenn vil vere meir aktive i 2021
71 prosent av nordmenn ønsker å bli meir fysisk aktive i 2021. Det viser ei undersøking utført av Ipsos, på vegner av fellesorganisasjonen Norsk Friluftsliv.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mange av dei som ønsker å bli meir fysisk aktive, vil gjerne ha fleire turar i skog og mark. 61 prosent av dei som svara i undersøkinga, ønsker å gå turar til fots eller på ski oftare.
– Det er ikkje rart at turgåing er den føretrekte forma for fysisk aktivitet hos nordmenn. Ein tur ut er både gratis, det kan gjerast akkurat når du vil og ikkje minst gir naturen oss eit heilt anna velvære, enn det å sjå på veggene i eit treningssenter, seier Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, i ei pressemelding.
Lier trur auka satsing på friluftslivsaktivitet vil vere viktig for å få fleire nordmenn ut av inaktivitet. Ho rosar regjeringa for å ha oppfordra oss til å komme oss ut i naturen i 2020, og håper at friluftsliv blir eit satsingsområde òg i valåret 2021.