Bokmelding: eins pust – enkel, men likevel kompleks

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2019 vart Mathias Nyhagen Asplund (f. 1988) tildelt Kulturdepartementet sin debutantpris for debutboka hans Der ingen finn oss, ei barnebok om to barn som har det vanskeleg, men som likevel er med på å løfte kvarandre.

No er han ute med diktsamlinga Eins pust, som er hans første bok for vaksne.

Som i Der ingen finn oss, leverer Asplund igjen ei bok prega av eit særeige språk og ei handling som bringer lesaren inn i ei heilt ny verd. I det som kan minne om ei urtid lever menneske tett på naturen, rissar helleristningar i fjellveggar og jaktar dyr med spyd:

Han kjenner spyd

i handa

han kjenner Rein

o Reinen sin

raude fot
i sin fot

Språket er sanseleg, noko som gjer at ein tydleg ser føre seg det som blir skildra. Vidare, ber språket preg av poetiske undertonar. Eit døme på det er frå skildringa av møtet mellom ein mann og ei kvinne:

Ut av lekam kroner

Det skin
der kroppen vaknar

skrik i pust
frå jord

Her opnar livet auga

o skapar far
og mor

Når det gjeld handlinga, blir den etter min smak for vanskelig å gripe då eg hadde vanskar for å forstå innhaldet i kvart einskild dikt. I tillegg til det var det utfordrande å samle dikta saman, sjå dei i lys av kvarandre og finne ein eventuell raud tråd.

Likevel, etter å ha lese dikta om att fleire gongar, forstod eg innhaldet betre. Det tok berre i overkant mykje tid å fordøye dei. I prosessen kom eg på at sjølv om dikta synest komplekse, er det meininga at dei skal vera enkle – nærast primale, noko som står i stil til innhaldet dei skildrar. Det er òg ei forklaring på det ugrammatiske, og til tider usamanhengande språket:

kva elv
i elva
kva eins pust

over
og ut av

vatn

Di fleire gongar eg las dikta – jo betre likte eg dei. Det gjer at dommen min er blanda.

På ei side synest eg dikta er nydelege, på den andre sida forstår eg ikkje meininga. Sjølv om handlinga er kompleks og vanskeleg å gripe gjer det poetiske og vakre språket diktsamlinga verdt å lese i seg sjølv.

Asplund har ein skarp penn og er ein meister på å lage stemningar med få, nøye utvalde ord. Det gjer at sjølv om eins pust ikkje er ein fulltreffar frå mi side, er Asplund likevel ein nykomar eg gler meg til å høyre meir i frå!


Les også: I bokhylla: Mathias Nyhagen Asplund har byrja å elske westernsjangeren

Desse bøkene fekk Mathias Nyhagen Asplund til å grine, le, verte sint og tenkje.

 

eins pust

Forfattar: Mathias Nyhagen Asplund

År: 2021

Forlag: Cappelen Damm

Sjanger: Lyrikk

Språk: Nynorsk

Sider: 53