Her kan du la kunstig intelligens slakta musikksmaken din i Spotify

Kunstig intelligens-prosjektet til «The Pudding» har ingen nåde. Tør du å få vurdert din eigen musikksmak?

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunstig intelligens (AI) er utgangspunkt for ikkje reint få framtidsdystopiar. Den teoretiske fysikaren Stephen Hawking meinte til og med at AI kunne vera enda på visa for menneskeslekta.

Det er ikkje mangel på spottande adjektiv når denne AI-en vurderer musikksmak. Foto: Skjermdump

Mot slike påstandar publiserte britiske The Guardian nyleg eit meiningsinnlegg forfatta av ein AI, med mål om å overtyda menneskeslekta om at AI ikkje ville øydelegga menneska.

Men å utsletta menneskeslekta er ikkje alt kunstig intelligens kan brukast til. Den kan også audmjuka oss, og nettopp det tar AI-en til «The Pudding» sikte på.

Med utgangspunkt i Spotify-spelelistene dine vaskar denne AI-en golvet med din musikalske integritet.

Opplært med millionar av anmeldingar

Det einaste som skal til for å få vondt i sjølvrespekten er å tillata AI-en å kikka gjennom

Kunstig intelligens er avhengig av store mengder data for å fungera. Foto: Skjermdump

Spotify-listene dine. Denne tilgangen kan du fjerna igjen når du er ferdig slakta, og berre skrotten av ditt tidlegare sjølv ligg att.

AI-en det er snakk om har blitt opplært ved å gjennomgå eit utal musikkmeldingar og anbefalingar på nettet.

Eller, som den sjølv skriv, «eit korpus av over to millionar indikatorar på objektivt god musikk».

«Pour-over-coffee bad»

Før du får ditt endelege resultat, må du gjennom eit par lettare ubehagelege spørsmål. AI-en vil blant anna finna ut om du verkeleg høyrer på dine «guilty pleasures». Er svaret ja, blir du spurd om du har det heilt bra om dagen.

Til slutt kjem AI-en med det audmjukande resultatet. Det er neppe noko å gleda seg til. Foto: Skjermdump

Endeleg får du ein prosentskår på kor «basic» musikksmaken din er, og i vårt tilfelle ein dryppande sarkastisk kommentar om at nokon med så obskur musikksmak sikkert er «superinteressant..».

I tillegg får du svar på kva tiår musikken din står fast i – i vårt tilfelle Obama-æraen på tidleg 2010-tal.

Framtida.no sin AI-korrespondent er 4 prosent basic, og står fast på tidleg 2010-tal, skal vi tru AI-en til «The Pudding». Foto: Skjermdump


Til musikkvideoen til «Karantene» inviterte TIX folk til å sende inn klipp frå sin karantenekvardag. Skjermdump frå videoen.