Yrket mitt: Maren (41) er forlagsredaktør

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skriveskulane har heilt klart vore nyttige inn i denne jobben. Der fekk eg trening i både å få og gi tilbakemelding på tekst. Eg trur det er nyttig at eg også veit korleis det er å få tilbakemelding. Det kan vere sårbart.

Det skriv Maren Ingeborg Hvamstad som jobbar som redaktør for skjønnlitteratur på Samlaget.

Ho var allereie inne i Samlaget då ho søkte jobben i 2018 og kom til intervju, men vegen dit var litt tilfeldig.

– Eg har eigentleg bakgrunn frå teater og har mellom anna gått to år på mimeskule i Paris, men på eit tidspunkt fekk eg meir lyst til å skrive og dermed søkte eg meg til og kom inn på Forfattarstudiet i Bø og seinare Skrivekunstakademiet i Hordaland.

Jobben liknar ein manusbunke

Nokre år seinare byrja ho arbeide i bokhandel medan ho heldt fram med skriving og teater på si.

– På eit tidspunkt vart eg spurt om eg var interessert i eit engasjement i Samlaget. Dette var i 2010 og plutseleg hadde eg full og fast jobb i marknadsavdelinga.

Der vart Hvamstad verande i åtte år, heilt til det vart eit stilling ledig i den skjønnlitterære redaksjonen:

– Det var først då redaktørstillinga vart utlyst at det gjekk opp for meg at det er jo dette som er draumejobben!

Forlagsredaktør Maren Ingeborg Hvamstad drøymer om ei boklov som sikrar gode vilkår for norsk litteratur på lang sikt. – Vilkår som gjer det lønnsamt å skrive god litteratur uavhengig om han blir lesen i bokform, som e-bok eller lydfil. Foto: Privat

Og jobben svara definitivt til forventningane.

– Den liknar mistenkeleg på ein manusbunke! Det går mykje i lesing av og tilbakemelding på manus, naturlegvis, fortel Hvamstad, som poengterer at det er rikeleg med andre oppgåver òg:

– Bestilling og oppfølgjing av bokomslag og forfattarportrett. Presentasjonar for marknad. Møteverksemd. Instagram. Stort og smått! Som regel sett eg meg til med eit manus og så lar eg innboksen og kalenderen styre resten.

Kan vere brutalt

– Det å få bidra til at nokon når draumen sin om å gi ut bok er utruleg fint. Det er også eit privilegium å bli møtt med ein slik tillit som forfattarane viser når dei deler manuset sitt med meg. Det er eit stort og fint ansvar å forvalte, forklarar Hvamstad.

– Kva er det mest utfordrande?  

– At det er så tøff kamp om plassen når ei bok endeleg blir lansert, kan vere ganske brutalt. Svært mange bøker får ikkje den merksemda dei fortener og bokåret går så altfor fort!

Kva feiloppfattingar som finst om yrket er ho meir usikker på:

– Dei fleste i bransjen er godt kjende med yrket mitt, men utanfor bransjen er det nok ein del som ikkje er så medvitne redaktørrolla, og det er vel kanskje litt av poenget?

– Les masse!

Ifølgje Hvamstad passar jobben for dei som elskar å lese, mykje og mest heile tida, og har eit brennande engasjement for litteratur.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Les masse! Klassisk, moderne, alle sjangrar, frå fleire språkområde, gjerne også på fleire språk. Les! Og snakk om litteratur!

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det skjer fantastiske ting heile tida, nye talent som dukkar opp, gode manus som blir antatt, bøker som får varm og velfortent mottaking, morosame lanseringar, nye opplag, større gjennombrot, prisnominasjonar og prisutdelingar, gode samtalar om litteratur – og det aller beste, for meg, er at eg får ta del i alt dette.


Sigrid Agnethe Hansen (t.v) og Ann Helen Kolås Ingebrigtsen er to populære debutantar. Foto: Fabian Ubeda og Privat/Samlaget

Maren Ingeborg Hvamstad  

Alder: 41

Frå: Alvdal

Yrke: Redaktør for skjønnlitteratur på Samlaget

Utdanning: Nokså samansett, men mest relevant i denne samanhengen er Forfatterstudiet i Bø og Skrivekunstakademiet i Hordaland.