November, kvar vart du av?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

La meg fyrst gjera fylgjande klinkande klårt:

Generelt er eg ingen julemotstandar. Det er mykje eg liker ved jula, som julebridge og juleøl.

Det finst òg nokre julesongar eg set pris på, som Cornelis Vreeswijks «Jultomten är faktiskt död», Hans Rotmos «Daling og Guling», Per Bergersens «Kyssing» og sist, men absolutt ikkje minst, The Pogues’ og Kirsti MacColls «Fairytale of New York».

Forflating av julebodskapen

No forstår nokre sikkert kva eg skal seia, for sistnemnde song har vore i nyhenda den seinaste tida: Han blir sensurert i ein viss radiokanal under BBC, av omsyn til dei unge.

Nærare undersøking viser at BBC og fleire andre har flikka på språkbruken i same song også tidlegare, men denne gongen har det verkeleg vorte hurlumhei kring saka.

Til orientering er songteksten ein dialog mellom to heller slitne rusmisbrukarar

Til orientering er songteksten ein dialog mellom to heller slitne rusmisbrukarar, ein mann og ei kvinne som ikkje er valdsamt opptekne av høflegheitsfraser.

Eg opplever den frilynte samtala deira som djupt realistisk; eg kjenner sjølv mange, mange, mange par som uavlateleg snakkar til kvarandre på tilsvarande eller endå verre vis.

Men to spesifikke ord i teksten skal dei unge no få sleppe å høyre, det eine nedsetjande om homofile og det andre nedsetjande om kvinner.

Eg har ikkje tenkt å hive meg på hylekoret. Eg veit at nokre meiner at eit visst «krenkehysteri» har gått for langt, andre derimot at det har gått for kort. Som kritkvit cisperson finn eg det tryggast å stille meg på den likesæle sida av denne debatten.

Likevel eit hjartesukk: Folk snakkar om «Fairytale of New York» som ein song, kan hende ein fin song, men likevel berre ein song. Slike forstår ikkje at denne songen for visse av oss er så mykje meir enn ein song.

«You’re a bum, / You’re a punk / You’re an old […] on junk,» syng den store kulturfilosofen Shane MacGowan.

For meg er ikkje dette berre ord, det er sjølve essensen av julas heilage bodskap

For meg er ikkje dette berre ord, det er sjølve essensen av julas heilage bodskap. Likevel greier Kirsti MacColl – fred over minnet hennar – i dei neste linene å lyfte teksten til eit endå høgare åndeleg nivå, idet ho peikar poetisk mot framtida, mot det nye året som skal koma, slekter som skal henrulle:

«You scumbag, you maggot, / You cheap, lousy […], / Happy Christmas, you arse, / I pray God it’s our last.»

Det er fyrst når eg sit åleine i ein bar på julekvelden og høyrer denne songen i radioen, at julefreden endeleg senkar seg over meg òg.

Annleismånaden

Men alt dette var ein digresjon. Det eg eigentleg skulle ta opp var fylgjande: Det får så vera at trongsynte julemoralistar freistar sabotere mi personlege form for jul ved å sensurere sjølve juleevangeliet mitt, men då må samfunnet i det minste la meg ha tida før jul, altså november, i fred.

For november er ikkje jul. November har ingenting med jul å gjera. Men i butikkane, i fjernsynet, i barnehagen til dotter mi og i gatene der eg går – overalt byrjar jula tidleg i november, om ikkje før.

Som vanleg vil eg argumentere med lyrikk, det aller siste diktet i legendariske Tor Ulvens Dikt i samling, som har den smålåtne tittelen «(Prøve)»:

«Ved en feil // har gatelyktene / sluknet, først nå / ser jeg // hvor mørkt det er / i november, // og var, før / veilysene kom hit, og i // furuskogene / før disse åsene ble // befolket.»

Eit svært aktuelt og treffande dikt. Innanfor litteraturforskinga har nok mi tolking av diktet vore lite påakta, men eg vel å lesa det som ein hyllest til november og eit knallhardt åtak på den moderne julefeiringa, så nedsylta i glorete lysdekorasjonar at tankane flyg til Amsterdams mest infamøse bydel.

Det er allereie eit kvart hundreår sidan Tor Ulven døydde, og ingen straumstans har redda november dei seinaste åra.

Lysforureininga har berre vorte verre; den herlegaste av alle månader blir år etter år forpesta av jul.

November, så sval og still, så rein og vakker, månaden eg lengtar etter gjennom heile året, månaden då ein endeleg slepp å sveitte, det ørvesle pusterommet mellom maset om bærturar og soppturar og maset om skiturar og snømoking, ein månad forfriskande fri for ferie og heslege heilagdagar då ein ikkje får gå på jobb og leva normalt – o, november, kvar vart du av?

LES OGSÅ: Erlend Skjetne om julebridge, goro på låret og andre viktige tradisjonar

Mange av oss relativt unge kjem frå såkalla brotne heimar, og har ikkje lege inntulla i det same tjukke ullteppet av tradisjon. Men vi kan feire jul vi òg, i høve til våre eigne høgst personlege tradisjonar.

Mange av oss relativt unge kjem frå såkalla brotne heimar. Men vi kan feire jul vi òg, i høve til våre eigne høgst personlege tradisjonar. Illustrasjonsfoto: Toa Heftiba/Unsplash