Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 17.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marlon Langeland. Foto: Fred Jonny

Namn: Marlon Valdés Langeland

Kallenamn: Bob Marlon, Brando, Merlin

Instagram: @marlonlangeland

Fødd: 1. juli 1999, Oslo

Heimplass: Oslo

Vidaregåande skule: Elvebakken videregående skole

Eg drøymde om å verte: Brannmann

…og eg vart: Skodespelar


Eg er ein skate-entusiast, som set pris på ein god session.

Eg meiner min beste eigenskap er å behalda roen, men mamma seier det er å vere snill mot andre.

Mi verste uvane er å ta ting alt for seriøst, og du ser meg aldri utan ei notatbok.

Eg vert alltid glad av god mat, men rotgrønnsaker gjer meg eitrande forbanna.

Det beste rådet eg noko sinne har fått er gi litt meir faen!


Mine milepålar

Første minne: Springe i nedoverbakke ein vårdag i barnehagen.

Første forelsking: Josefine i 1. klasse.

Første kjendiscrush: Beyoncé Knowles i filmen «Austin Powers in Goldmember».

Første yndlingssang: Ein song fra albumet Hits4Kidz 22.

Første favorittrett: Sushi.

Første mobil: Sony Ericsson W350i. Den hadde ein flip-funksjon som gjorde at den fungerte som en walkman. Fantastisk oppfinning!

Første gong du var full: Sommarferien 2014.

Første motetrend du omfamna: Eg var 6 år, gjekk i Hawaii-skjorte og camo-bukser.

Første du samla på: Lego. Eg var ein lego-fanatikar. Kunne bygge alt frå Empire State Building til gravemaskinar, men det ypparste var Star-Wars Lego.

Første (sommar)jobb: Servitør. Eg var 14, mista for mange tallerknar i golvet og gløymde korleis kasseaparatet fungerte.

Første ferietur til utlandet: Tur til Sharm el Sheik, Egypt. Vil gjerne dra tilbake, men til ein litt mindre turistifisert stad. Trur nok eg var i Mexico også, men var for liten for å hugse nokon ting. Vil gjerne dra dit også. Virkar som eit land med mykje å utforske.

Første sosiale mediet eg fekk profil på: Facebook. Laug og sa eg var eit år eldre. Det fantes eit spel som alle dei kule i klassen spelte, og for å spele det måtte ein ha Facebook.

Første Facebook-status: «hei på deg» – 2010

Kven vil du utfordre til å skrive i skuledagboka? Philip Emilio.