Lærarorganisasjonar kritiserer ny matteeksamen
I år vert matteeksamen på VG1 heildigital, men Utdanningsforbundet og Norsk Lektorlag saknar ein fagleg diskusjon.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje Aftenposten kjem organisasjonane med kritikken i eit brev til Kunnskapsdepartementet. Dei meiner det er «svært uheldig å gjøre endringer i eksamensordningene uten gode faglige diskusjoner og reell mulighet til medvirkning og innflytelse i forkant».
Fryktar for fagleg svake elevar
Nytt for skuleåret er at eksamen i matematikk for VG 1 – førsteklasse i vidaregåande skule – blir heildigital og at alle hjelpemiddel er tillatne. Ein lærar Aftenposten har snakka med, meiner fagleg svake elevar vil slite fordi oppgåvene då kan lagast vanskelegare.
– Då må dei nødvendigvis innehalde meir tekst. Fagleg svake elevar er heller ikkje dei beste til å trekkje ut informasjonen dei treng, seier lærar Trond Simen Nesset ved Oslo katedralskole.
Universell utforming og tryggleik
Divisjonsdirektør Sissel Skillinghaug i Utdanningsdirektoratet forsvarer avgjerda og viser til at eksamen må vere digital dersom han skal imøtekomme lovkrav om universell utforming og tryggleik.
– Det gir oss òg moglegheit til å prøve eleven på fleire måtar enn vi klarer med penn og papir. Det er òg i tråd med nye læreplanar, seier ho – og viser òg til at oppgåvene for første gong er prøvd ut på elevar.