Høie: Smittetala flatar ut, men vi kan ikkje senke skuldrene

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Smittetala den siste veka er på nivå med veka før. Kurva har ikkje stige like bratt som dei førre vekene. Det kan vere ein indikasjon på at tiltaka som er sett i verk, har hatt effekt. Men det er for tidleg å konkludere på dette, sa Høie på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen onsdag.

– Vi har likevel rundt 4.000 nye smitta førre veke, og veka før.

Onsdag ligg 143 personar på sjukehus med covid-19. 15 av desse er så alvorleg sjuke at dei ligg i respirator.

– Det betyr at situasjonen framleis er alvorleg og uviss. Vi kan framleis risikere ukontrollert spreiing av viruset og sprengt intensivkapasitet som vi har sett i mange andre europeiske land, seier Høie.

– Derfor kan vi ikkje senke skuldrene.


  • Treng du ei oppdatering på kva dei gjeldande nasjonale koronatiltaka er? Det finn du her

Les også saka som forklarar deg alt du treng vete om munnbind! Korleis du brukar det, kor ofte du må skifte, og kva om du har skjegg, hijab eller briller?

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash