Elle Sofe Sara skal lage Noregs første samiske spelefilm i musikalformat

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det å lage musikal er ei fortsetjing og utvikling av den forteljarstilen som eg har hatt i dei tidlegare filmane mine. Musikk, joik og koreografi er drivande og naturlege element i forteljinga og det visuelle språket. Eg ønskjer å lage ein musikal som rører ved det umiddelbare hos publikum, seier Elle Sofe Sara.

«Árru» byr på både joik, song og dans – samtidig som filmen tek opp viktige og tabubelagde tema i det samiske samfunnet, som overgrep og samisk identitet. Dette ifølgje Norsk filminstitutt, som har gitt 869.262 kroner i tilskot til Saras filmprosjekt gjennom Nye veier-ordninga.

Premiere i 2022

– Eg er først og fremst veldig glad no, fordi eg har jobba hardt for dette. Og no får vi moglegheita til å jobbe vidare og faktisk produsere denne filmen her i nord, seier Sara ifølgje produksjonsselskapet Mer Films nettside.

Filmen, som får 2022-premiere, handlar om åleinemora og kunstnaren Kari, som vender tilbake til heimbygda i Sapmi, der ho og sonen blir drege inn i aksjonar mot gruvedrift i reinbeiteområdet deira. Samtidig dukkar eit vondt minne frå ungdomstida opp, der Kari valde å lyge for å verne ein familiemedlem.

Internasjonal etterspurnad etter samisk film

– Det er ein viktig del av NFIs oppgåve å bidra til at samiske filmar både blir utvikla, produsert, formidla og opplevde i større grad i heile Noreg. Vi ser òg ein stor internasjonal etterspurnad etter samisk film, så her ligg det eit stort potensial, seier NFI-direktør Kjersti Mo.

Elle Sofe Sara er utdanna dansar og koreograf, men har òg laga fleire kortfilmar og dokumentarar, mellom anna den mykje festivalviste «Sámi Bojá», som var del av Seven Sámi Stories-filmsatsinga i 2015.

Her kan du sjå traileren til «Sámi Bojá»: 

Ho er òg festspelprofil under Festspillene i Nord-Noreg i 2021, der ho mellom anna skal by på det som blir beskrive som ei storstilt dansejoikframsyning kalla «Vástádus eana – The Answer is Land».

Før ho var 19 år var det ingen som visste at Elin Krisina Oskal (23) kunne syngja. No har ho stemma til Anna i den nordsamiske versjonen av Frost 2. Foto: Disney/Privat