Torleik Svelle attvalt som leiar i Senterungdommen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i ei pressemelding frå ungdomspartiet.

Svelle er frå Saksumsdalen i Lillehammer og har vore leiar i Senterungdommen sidan 2019.

Svelle har tidlegare brei erfaring frå organisasjonen og kom inn i sentralstyret i 2016.

– Eg ønskjer å takke landsmøte for tilliten dei har gitt meg, no skal vi i Senterungdommen fortsette å stå på for å vinne det viktigaste valet for Noreg sidan EU-kampen. Dei siste sju åra har vore prega av sentralisering, tvang og meiningslause reformer. Etter valet neste år håpar vi det tar slutt, for no er det bygda og heile Noreg sin tur til å bli prioriterte, seier Svelle i pressemeldinga.

Politisk nestleiar er Emma Berge Ness (21) frå Sogn og Fjordane og organisatorisk nestleiar er Dorthea Elverum (24) frå Trøndelag.

Torleik Svelle er leiar i Senterungdomen. Foto: Senterungdommen