Første amerikanske stat fjernar forbod mot likekjønna ekteskap

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nevada har blitt den første staten til å fjerne eit forbod mot likekjønna ekteskap frå si grunnlov.

Det melder The Independent.

Definisjonen av ekteskap

På valdagen tysdag, kunne innbyggjarane, i tillegg til presidentvalet, også stemme over «Question 2», som omhandla definisjonen av eit ekteskap.

Den tidlegare lova er frå 2002, der ein definerer eit ekteskap som å vera mellom ein mann  og ei kvinne.

I det nye forslaget stod det:

«Ekteskap skal vera definert som mellom par, uavhengig av kjønn, sjølv om religiøse organisasjonar og geistlege kan ha rett til å nekte å velsigne eit ekteskap».

Inaktiv lov

Den tidlegare lova har vore inaktiv sidan 2015, då Høgsterett i saka Obergefell v. Hodges gjorde likekjønna ekteskap lovleg i alle statane i USA. Denne avgjersla kan likevel gjerast om dersom det blir fleirtal for det i Høgsterett, og då vil dei statlege lovene vera gjeldande.

Med avstemminga tysdag har Nevada sikra sine innbyggjarar retten til ekteskap, også for likekjønna, uavhengig av kva Høgsteretten måtte bestemme nasjonalt.

Ifølgje New York Times stemte 61,2 prosent for Question 2, medan 38,8 prosent stemte mot.

– Det overveldande fleirtalet bør vera ein påminnar om at LHBTQ-likestilling ikkje berre er det rette å gjere, men akkurat det Nevada vil ha, sa Briana Escamilla, leiar i Nevada-avdelinga til Human Rights Campaign.

Det er no 29 statar som har reglar i deira eigne statlege grunnlover som definerer ekteskap som mellom ein mann og ei kvinne. Enn så lenge er desse overstyrte av Høgsteretts-bestemminga frå 2015.


I 2019 vart Taiwan den første regionen i Asia som opna for likekjønna ekteskap. Til no har 30 av verdas land og regionar opna for at personar kan gifte seg med ein person av same kjønn. Foto: AP Photo/Wally Santana, File