FHI tilrår grense for talet på klemmevenner

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkehelseinstituttet (FHI) la onsdag fram ei oversikt der råda om avstand og testing blir stramma ytterlegare inn.

Mellom anna blir det tilrådd at alle nærkontaktar testar seg, og vaksne i karantene bør halde avstand til andre vaksne i husstanden.

Samtidig blir det innført strengare råd for kontakt med andre.

Dei nye tilrådingane er som følgjer:

  • Du og dine næraste kan omgåast normalt. «Dine næraste» er dei som du bur saman med, og kjærasten. Dei som bur åleine, kan òg ha to–tre næraste som dei kan vere fysisk nær. Det bør vere dei same over tid.
  • Hald ein meters avstand til andre enn dine næraste. Avstanden frå ansikt til ansikt er aller viktigast. Rygg mot rygg, eller etter kvarandre, som i kø, gir mindre risiko for smitte. Når du sit ved sida av nokon, bør det vere ein meters avstand frå skuldra di til den andres skuldra. Unngå fysisk kontakt, inkludert handhelsing og klemming.

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash