AOC når unge veljarar gjennom gaming
Den amerikanske politikaren bestemte seg for å treffe barn og unge der dei er – online.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Den amerikanske politikaren Alexandria Ocasio-Cortez testa i førre veke ut ein ny måte å treffe unge veljarar på. Ho testa gaming for fyrste gong.
I tre timar spelte ho spelet Among Us, under gamingnamnet aoc, medan ho strøymde det live på strøymesida Twitch.
Det fekk ho mykje merksemd for. På det meste følgde 435 000 menneske med på at kongresskvinna spelte saman med kjende Twitch-gamerar. Det gjer hennar livestream til ein av dei 20 mest populære på Twitch nokon gong.
https://youtu.be/3dh_BZPxveY
- Visste du at AOC er den yngste kvinna nokosinne i Kongressen? Her er sju kule ting om politikarfenomenet!
Oppmoda dei til å røyste
Medan ho spelte fekk Ocasio-Cortez snakka med dei unge gamerane om viktige saker i det amerikanske presidentvalet, som går av stabelen 3. november.
Ho oppmoda dei også om å hugse å røyste.
I presidentvalet er det forventa at unge veljarar kjem til å spele ei viktig rolle, men det føreset at dei faktisk røyster.
- Visste du at Donald Trump er den første presidenten på over 100 år som ikkje har hatt ein førstehund? Les om hundekjærleiken i Det kvite hus!