Ola Svenneby ville invitert Dronning Elizabeth II på flesk og duppe

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ola Svenneby ville invitert Dronning Elizabeth II på flesk og duppe!

– Skulepolitikken var grunnen til at eg engasjerte meg i Unge Høgre. Det har i grunn engasjert meg heile vegen.

Det skriv Ola Svenneby (23) i ein e-post til Framtida.no.

Sansen for Snorre Valen

Første helga i oktober vart 23-åringen frå Våler i Hedmark vald til ny leiar i Unge Høgre. Det skjedde etter eit benkeforslag og ei dramatisk kampvotering mot Amalie Gunnufsen, som var innstilt av valkomiteen.

– Kva type leiar vil du vera?

– Eg håpar eg kan vere ein som folk tør å stikke innom og ta kontakt med, og ein som representerer Unge Høgre på ein god måte, svarar Svenneby.

Han har ikkje eitt enkelt førebilete, men har sansen for politikarar som dei to partifellane Henrik Asheim og Ine Marie Søreide, og Snorre Valen i SV.

Tidlegare stortingsrepresentant Snorre Valen (SV), forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) og utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) er alle førebilete for den nyvalde Unge Høgre-leiaren Ola Svenneby. Foto: Tore Sætre / Wikimedia Commons/ CC BY-SA 4.0 , Kunnskapsdepartementet , Asgeir Spange Brekke, FD/UD

Skule og ruspolitikk

I tillegg til skule er ruspolitikk noko som står Svenneby sitt hjarte nært. Det vert spegla når han skal plukke ut dei tre viktigaste sakene for unge Høgre anno 2020.

  • Sikre rusreformen slik at ein går frå straff til helsehjelp.
  • Eit berekraftig samfunn, kor vi tek vare på både klimaet og økonomien.
  • At alle norske elevar skal møte verdas beste skule.

Dronning Elizabeth II på flesk og duppe

Fritida brukar han helst med familie og vener, og den største tidstjuven i Svenneby sitt liv er søvn.

– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag? Kvifor og kva ville du servert?

– Dronning Elizabeth II på flesk og duppe. Må vere av dei nolevande, historiske personane som me veit minst om kva tenkjer, men som samstundes har hatt stor påverknad på si samtid.

– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?

– Den første boka eg verkeleg likte var Matilda av Roald Dahl. Kul bok!

Les også: Magnus (17): Dette er bøkene som vekte lesegleda mi

Drøymer om at alle homofile kan gifta seg

– Korleis held du deg oppdatert?

– Les dei fleste nettaviser, brukar sosiale medium og får lenkjer tilsendt av både vener og kjente. 

– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?

«No kan homofile gifte seg i alle land».

– Kva er idealsamfunnet?

– Eit samfunn der alle har moglegheita til å skape det livet dei sjølv ønskjer.

HUND ELLER KATT? Hund. Foto: Alvan Nee, Manja Vitolic, Unsplash.com

NEW YORK ELLER HYTTETUR? New York. Foto: Dan Calderwood/Luke Stackpoole, Unsplash.com

TACO ELLER PIZZA? Pizza. Foto: Miguel Andrade/ Krisztian Tabori, Unsplash.com

HARRY POTTER ELLER BEYONCÉ? Harry Potter. Foto: Murray Close

BEYONCÉ ELLER HELLBILLIES? Beyoncé.