I ei ny bok tek kongen avstand frå aktiv dødshjelp. Sondre Hansmark meiner kong Harald då òg bør kunne forsvare standpunktet i ein debatt.
mm

– Eg synest at det er greitt at kongen meiner det han gjer, men då må han også kunne stille opp i debatt og forsvare standpunktet.

Det seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark til Vårt Land, som først omtalte saka.

Det er i Harald Stanghelle si bok Kongen forteller at kong Harald tek avstand frå aktiv dødshjelp, og skildrar det som eit «et skremmende perspektiv».

På Twitter reagerte Hansmark med å utfordre kongen til å møte til debatt i Politisk kvarter, men seier til Vårt Land at han tvelar på at kongen stiller.

Venstre-nei til aktiv dødshjelp

Unge Venstre-leiaren har tidlegare uttalt at han ynskjer at moderpartiet skal opne for aktiv dødshjelp, men då partiprogrammet skulle vedtakast i slutten av september stemde Venstre ned forslaget etter ein lang debatt.

Til Vårt Land seier Sondre Hansmark at det handlar om å gje folk kontroll over heile livet, også når det går mot slutten:

– Valet handlar ikkje om å døy eller leve, men det er eit val mellom to mogelegheiter til å døy på, og å kunne velje å døy på ein måte som er verdig og human og fri for smerter.

Syskena Lamis (10), Shakib (13) og Leen (16) har sjølv kjend på kroppen korleis det er å flykte frå krig og elende. Foto av Erna Solberg (H): Torbjørn Kjosvold, Forsvaret / Statsministerens kontor på Flickr/ CC BY-NC 2.0. Foto av Lamis, Shakib og Leen: Janne Nerheim. Kollasj: Framtida.no
ANNONSE