Yrket mitt: Anna (28) er komponist

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anna Berg laga låtar i fleire år, før ho vart introdusert for komposisjon gjennom ein lærar på musikkhøgskulen.

– Då var det som om ei ny verd opna seg for meg og eg har ikkje sett meg tilbake sidan.

28-åringen frå Kolbotn komponerer først og fremst musikk for mindre orkester, kor og verk for solistar og duettar og jobbar som frilansar.

Ingen vanlege arbeidsdagar

Anna Berg. Foto: Presse/Sara Angelica Spilling

I ein e-post til Framtida.no fortel ho at ho ikkje hadde så mange forventingar til korleis yrkeslivet som komponist ville bli, fordi ho ikkje visste kva ho gjekk til.

I dag veit ho at det ikkje finst vanlege arbeidsdagar i dette yrket.

– Det er berre uvanlege arbeidsdagar med spanande og variert innhald. Eg startar vanlegvis å jobbe ved 9-tida og sluttar ved 21-tida.

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Absolutt. Kandidatstudiet i komposisjon ved Norges musikkhøgskole er ei meget god grunnutdanning og eg anbefalar alle som ynskjer å bli komponistar å prøve å få ein plass der.

I 2019 starta ho Ensemble 3030, på Norges musikkhøgskole. I ensemblet samlast instrumentalist-, dirigent- og komponist-studentar for å få meir erfaring med å framføre, formidle, tolke og lage ny musikk for større ensemble.

Komponist Anna Berg (28) på øving med Ensemble Ernst. Foto: Øyvind Nyvoll

Forventingar om gratisarbeid

Berg synest at det aller beste med jobben er at det kjennest nytt kvar dag.

– Kva er det mest utfordrande?

– Ulønna administrasjon, forventningar om mykje gratisarbeid og låge bestillingshonorar.

Dette er også ei feiloppfatting ho trur folk har til yrket generelt.

– Folk trur ofte at eg kan og vil jobbe gratis, det er nok den største feiloppfatningen folk har om yrket mitt. Som komponist handlar det om å få verkbestillingar frå musikarar og ensemble, men det er mange som ikkje veit korleis ein bestiller. Mitt tips her er: Spør ein komponist. Dei svarar gjerne.

Her kan du høyre ein av komposisjonane til Berg: 

– Ganske utruleg

28-åringen fortel at dette yrket passar best for alle som vil lage musikk, som har gode idear og som vil jobbe hardt.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ta timar hos ein god komposisjonslærar, ta eit studieår med komposisjon på Toneheim folkehøgskole (den einaste folkehøgskulen med komposisjonslinje i Noreg) og søk deg inn på utdanninga ved Norges musikkhøgskole.

Når ho skal trekke fram det mest utrulege ho har opplevd på jobb, kjem kjærleiken for arbeidet tydeleg fram:

– Å sitte på ei øving, sjå utover rommet og høyre nokre av dei beste musikarane i Noreg spele musikk eg har laga. Dét kjennest ganske utruleg.

Draumen for framtida er å få halda fram å komponera musikk for utøvarar både i  Noreg og utlandet.

Gunvald Ottesen dirigierer i ein produksjon av «Figaros Bryllup» ved Noregs Musikkhøgskule i 2017. Foto: Sindre Ohrvik Hopland

Anna Berg

Alder: 28

Frå: Kolbotn

Yrke: Komponist

Utdanning: Kandidatstudiet i komposisjon ved Norges musikkhøgskole, musikkvitskap og språkstudiar ved Universitetet i Oslo