Kva kan du om amerikansk politikk?

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Test deg sjølv i amerikansk politikk!
Quiz: Quiz om amerikansk politikk
- Spørsmål 1 av 11
1.
I dag har USA 50 delstatar. Kor mange delstatar var det i «det første USA» i 1789?
Det var imponerande! 13 er heilt rett.
Du bomma litt. Den gongen var det 13 delstatar.
- Spørsmål 2 av 11
2.
Kva kallast den lovgivande nasjonalforsamlinga i USA?
Kongressen er heilt rett! Kongressen er delt inn i Senatet (100 medlemmar) og Representantanes hus (435 delegatar).
Svaret var feil, og rett svar er Kongressen. Kongressen er delt inn i Senatet (100 medlemmar) og Representantanes hus (435 delegatar).
- Spørsmål 3 av 11
3.
I Senatet får alle delstatane like mange representantar. Kor mange?
Heilt rett! Uavhengig av folketalet, får alle delstatar velje inn to representantar til Senatet.
Det var feil tal. Uavhengig av folketalet, får alle delstatar velje inn to representantar til Senatet.
- Spørsmål 4 av 11
4.
I Representantanes hus får kvar delstat representantar etter folketalet i delstaten. Kva for delstat er størst i folketal, og har difor flest plassar?
Det er heilt rett! California får som den mest folkerike delstaten, 53 plassar i Representantanes hus.
Svaret er feil. California er den mest folkerike delstaten med over 37 millionar innbyggarar, og har 53 plassar i Representantanes hus.
- Spørsmål 5 av 11
5.
Kva heiter dei to største partia i USA?
Det var heilt rett! Det demokratiske og det republikanske parti. President Donald Trump tilhøyrer det republikanske partiet.
Det var feil. Rett svar er det demokratiske og det republikanske parti. President Donald Trump tilhøyrer det republikanske partiet.
- Spørsmål 6 av 11
6.
Vi tek eit lite hopp tilbake i tid. Det republikanske parti vart grunnlagt i 1854 av anti-slaveri-aktivistar. Kven vart USA sin første republikanske president?
Det er heilt rett! Abraham Lincoln var den republikanaren som vart president i USA i 1961. Dei to andre var òg republikanarar, men kom inn i bildet litt seinare.
Svaret er feil. Abraham Lincoln var den republikanaren som vart president, i USA i 1861. Dei to andre var òg republikanarar, men kom inn i bildet litt seinare.
- Spørsmål 7 av 11
7.
Så tilbake til notida. Kva amerikansk skodespelar stilte nyleg i nominasjonsval for å verte demokratane sin kandidat i guvernørvalet?
Korrekt! Cynthia Nixon, og kjend som Miranda i Sex og singelliv, tapte nominasjonsvalet mot den sitjande guvernøren, Andrew Cuomo.
Det er nok feil! Det var Cynthia Nixon, og kjend som Miranda i Sex og singelliv, som ville verte guvernør i New York! Ho tapte nominasjonsvalet mot den sitjande guvernøren, Andrew Cuomo.
- Spørsmål 8 av 11
8.
Det var ikkje langt ut i presidentperioden til Donald Trump før ordet «riksrett» dukka opp. Men kor mange gongar har kongressen stilt ein president for riksrett, og fjerna han?
Det stemmer! Bill Clinton vart stilt for riksrett, men det var ikkje to tredjedels-fleirtal i Sentatet for å avsetje han. Richard Nixon vart aldri stilt for riksrett – han sa frå seg presidentembetet før det kom så langt.
Det er feil, rett svar er aldri! Bill Clinton vart stilt for riksrett, men det var ikkje to tredjedels-fleirtal i Sentatet for å avsetje han. Richard Nixon vart aldri stilt for riksrett – han sa frå seg presidentembetet før det kom så langt.
- Spørsmål 9 av 11
9.
Den tradisjonelle maskoten til republikanarane er ein elefant. Kva dyr skal representere demokratane?
Det stemmer. Elefanten vart populær etter at republikanaren Thomas Nast teikna den i eit blad i 1874, medan eselet kan stamme frå presidentkampanjen til Andrew Jackson i 1928. Motstandarane hans kalla han nemleg eit esel.
Det er feil! Det er eit esel. Elefanten vart populær etter at republikanaren Thomas Nast teikna den i eit blad i 1874, medan eselet kan stamme frå presidentkampanjen til Andrew Jackson i 1928. Motstandarane hans kalla han nemleg eit esel.
- Spørsmål 10 av 11
10.
Donald Trump er den eldste mannen som har vorte valt til president i USA. Men kven er den yngste?
Det stemmer! John F. Kennedy var nest yngst.
Der bomma du! Den yngste presidenten er nok Theodore Roosevelt, han var 42 år og 322 dagar gammal. John F. Kennedy var nest yngst!
- Spørsmål 11 av 11
11.
Her til lands må ein vere 18 år og statsborgar for å kunne stemme ved Stortingsval. Kva for ekstra innsats må ein gjere for å få lov til å stemme ved presidentvalet i USA?
Det er heilt rett! I USA må ein registrere seg som veljar for å kunne gi si stemme. I dei fleste delstatane må ein registrere seg seinast 30 til 8 dagar før valet. Nokre statar har opna for å registrere seg på sjølve valdagen.
Svaret er feil! I USA må ein registrere seg som veljar for å kunne gi si stemme. I dei fleste delstatane må ein registrere seg seinast 30 til 8 dagar før valet. Nokre statar har opna for å registrere seg på sjølve valdagen.
Resultat:
Vurdering:
Blir du i tvil, kan denne saka vere til hjelp: Ei folkerøysting om Trump