Senterpartiet reagerer på «brutalt» kutt for ressurskrevjande brukarar
Kommunane må ta meir av rekninga for tenestene til menneske med store hjelpebehov. Regjeringa vil spare 300 millionar kroner på det i budsjettet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– At ein kuttar 300 millionar kroner til ressurskrevjande tenester er veldig usosialt, meiner Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum, som påpeikar at det mellom anna handlar om tenester til multifunksjonshemma barn.
– Her verkar det teknisk, men i den enkelte kommunen er det ekstremt brutalt. Dei må vurdere om dei skal bruke endå meir pengar på den ungen eller leggje ned den skulen, seier Vedum.
Hevar innslagspunktet for støtte
Staten refunderer 80 prosent av utgiftene kommunane har til å hjelpe innbyggjarar som har ekstra stort hjelpebehov. Ordninga slår i dag inn når kostnadene for den enkelte brukaren overstig 1.361.000 kroner. Over dette nivået dekkjer staten 80 prosent.
Regjeringa foreslår i statsbudsjettet å heve innslagspunktet med 46.000 kroner. Den påpeikar at ordninga har vakse med over 5 milliardar kroner sidan 2012.
– Innstramminga er liten i forhold til den sterke veksten som har vore i ordninga, skriv regjeringa.
Samtidig blir det foreslått at enkelte små kommunar med spesielt høge utgifter til ressurskrevjande tenester, skal få såkalla skjønnsmiddel. Det blir sett av 30 millionar kroner til dette neste år.
– Paradoks at staten reduserer innsatsen
Også KS reagerer på innstramminga.
– Vi ser at det endå ein gong blir foreslått å velte utgifter til ressurskrevjande tenester over frå staten til kommunane. Dette er altså tenester til innbyggjarar med heilt spesielle hjelpebehov. Det er eit paradoks at staten reduserer innsatsen sin på eit område der behovet aukar sterkt, seier styreleiar Bjørn Arild Gram i organisasjonen til kommunane KS.
Les også: Dagny Sofie (24) sine assistentar kom i karantene