Regjeringa kuttar 1,1 milliard i bistand

Innsatsen til global helse aukar med 500 millionar kroner, men det er kutt på ei rekkje område innanfor bistanden.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er eit budsjett i ei krevjande tid for norsk økonomi. Nedgangen i anslått BNI krev tøffe prioriteringar i utviklingsarbeidet, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) i ei pressemelding.

Han understrekar likevel at regjeringa klarar målet om å gi 1 prosent av bruttonasjonalinntekta i bistand.

Mellom kutta er lågare støtte til investeringsfondet Norfund, mindre til forsking, mindre til klima, miljø og hav – og mindre til flyktningar i Noreg.

Aukar støtta til global helse

Regjeringa ynsjker å auka den internasjonale helseinnsatsen med 500 millionar kroner. Mellom anna får Verdas Helseorganisasjon og vaksinesamarbeidet Gavi auka støtte.

– Å få ein effektiv vaksine og å sikra at alle får tilgang til den, utan omsyn til inntekt, er høgt prioritert av regjeringa. Før me får ein vaksine, handlar dei viktigaste helsetiltaka mot pandemien om smittevern i lokalsamfunn, testing, sporing og isolering, seier Ulstein, og understrekar:

– Slike tiltak har store sosiale, økonomiske og helsemessige konsekvensar, spesielt for sårbare personar – til dømes kvinner, barn og dei fattigaste. Difor er innsatsen vår på helseområdet òg ein innsats i kampen mot aukande fattigdom.

Bekymra for demokratiforkjemparar

Den pågåande pandemien har redusert det demokratiske handlingsrommet og forverra rammevilkåra for menneskerettar i store delar av verda.

Budsjettforslaget svarer i kroner og øre ikkje på dette, seier Sunniva Folgen Høiskar, leiar i Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) i ei pressemelding.

Sunniva Folgen Høiskar er leiar i SAIH. Foto: SAIH

Noreg er leiande i arbeidet med vern av menneskerettsforsvararar på internasjonalt nivå.

– Me skulle gjerne sett at ei forverring i situasjonen vart møtt med auka innsats, seier Høiskar.

Høiskar er særleg bekymra for sårbare menneskerettsforsvararar og situasjonen for studentaktivistar.

Får skryt for studiefinansiering

Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) er likevel fornøgde med at regjeringa vil etablera studiefinansiering for utvikling.

– Dette er ei satsning som me i SAIH og norske studentar har kjempa fram. Betre modellar for studiefinansiering er viktig for at fleire skal få tilgang til høgare utdanning globalt, seier Sunniva Folgen Høiskar.

– Behovet for betre studiefinansiering er stort, og det blir berre viktigare i tida etter pandemien som no rammar fattige familiar hardt. Det er gledeleg at regjeringa tar det på alvor, avsluttar Høiskar.