Senterungdomsleiar Torleik Svelle innstilt til ny leiarperiode

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det har aldri vore så viktig at Senterungdommen finst, som no. Distrikta vert utfordra, landbruket vert utfordra og tryggleiken til folk vert utfordra, seier Torleik Svelle i ei pressemelding.

24-åringen frå Saksumsdalen i Lillehammer er innstilt til ein ny periode som leiar for ungdomspartiet han har leia sidan 2019.

– Det siste året har vore fantastisk for Senterungdommen, og det er ei stor ære og få leia laget inn mot det viktigaste valet sidan EU-kampen, seier Svelle vidare i pressemeldinga.

Landsmøtet til Senterungdommen skal haldast 6.-8. november.

Valkomiteen har også innstilt Emma Berge Ness (21) frå Viksdalen i Sogn og Fjordane til å fortsetja som politisk nestleiar, samt Dorthea Elverum (23) frå Stjørdal i Trøndelag til å fortsetja som organisatorisk nestleiar.

Senterungdomsleiar Torleik Svelle nyttar dagane til arbeid, gåturar og matlaging, gjerne med norsk kjøt i kjøtkverna. Foto: Privat