Ina Svenningdal byrja på jobb i Det Norske Teatret kort tid før Noreg stengte

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 14.10.2020 11:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg har eigentleg vore heime dei siste fem vekene, seier Ina Svenningdal.

Skodespelaren, som er best kjend for si rolle som jente-Chris i NRK-suksessen Skam, sit i foajeen i Det Norske Teatret der ho er aktuell i det syngjande en semblet til Dylan-framsyninga Vikla inn i blått.

På dagtid er ho på teateret og øver, men på fritida har ho ikkje gjort så mykje den siste tida. Det er ikkje det at ho nødvendigvis er så redd for å bli smitta av korona, men mest for å verte heilt vanleg sjuk.

Det får så mykje større konsekvensar enn det hadde fått i ein annan situasjon. Om ikkje denne pandemien hadde vore her så hadde ein kunne gått på jobb, men no er det slik at er du snufsete og har hovudpine, så skal du halde deg heime, seier Svenningdal, som understrekar at det er for andre sin tryggleik.

Hadde ho blitt sjuk trur ho at ho hadde fått dårleg samvit og følt at ho hadde gjort noko gale, sjølv om det ikkje nødvendigvis er slik.

Avlyste framsyningar

– Synest de at folk har omtanke for dykk som arbeidsgruppe i denne situasjonen?

– Det er mange yrkesgrupper som har det vanskeleg og vår er ei av dei som har det vanskeleg, seier Morten Svartveit diplomatisk.

Det er ikkje lett å ha heimekontor som skodespelar og terskelen for å vere heime har blitt veldig låg. Difor tek dei ein dag om gangen og er «kjempehappy» for alle prøvar som vert gjennomført med fullt ensemble. Det er ikkje ei sjølvfølgje i desse dagar.

42-åringen har pålagt seg sjølv eit strengt regime, har ikkje teke kollektivtransport sidan mars og søv med ullhals om natta.

– Kva er det verste som kan skje?

At ein vert forkjøla, svarar Svartveit, på spørsmålet som eigentleg handla om sceneskrekk.

Det førre stykket han spelte i på Det norske teatret, Bienes historie, vart avlyst tre gongar på rad førre veke, så han veit kor mykje som står på spel. Kort tid før sukka informasjonssjefen over endå ei avlysing.

– Ein må ikkje bli sjuk no, for det er så gøy å gå på jobb, seier Morten Svartveit, som syng tittellåta i Dylan-framsyninga Vikla inn i blått, med gjendiktingar av Tom Roger Aadland.

Strenge smittevernrutinar

– Kanskje er ein ikkje i ei risikogruppe sånn helsemessig, men jobbmessig så er ein absolutt det, seier Morten Svartveit, som likevel understrekar at:

– Jo strengare ein er no, jo betre vil ein få det framover.

Før Framtida.no får sjå på prøvane og møta skodespelarane får underteikna streng beskjed om å lauga meg, blir følgt til vasken og instruert om å halde ikkje berre éin, men to meter avstand.

På scena er skodespelarane unntatt regelen om éin meters avstand, difor er det fullt fokus på å halde besetninga friske. Administrasjonen vert oppmoda til å ha heimekontor ein gong i veka, ikkje alle kan ha lunsj samstundes og handhygienen er på plass.

Utrygge frilansarar

Svenningdal vart uteksaminert frå Teaterhøgskolen i fjor og starta i februar på eit engasjement ved Det Norske Teatret. Her skal ho ha arbeidsplass ut 2021, noko ho er glad for.

– Eg har følt meg tryggare enn om eg ikkje hadde vore her, seier Svenningdal, som kjenner mange som ikkje har hatt same tryggleik under korona.

Kollega Morten Svartveit er ein av få skodespelarar i Noreg som er fast tilsett. Han har nemleg fått ein av dei i alt 152 faste stillingane som finst her til lands.

Kort tid før Framtida.no møter dei kom nyheita om at regjeringa vil avslutta støtta til frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande frå og med 1. november.

Onsdag 30. september lyste over 100 ulike kulturinstitusjonar opp i raudt. Her er Operaen i Oslo. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

I dagane som kjem skal dette farga Operaen, Munchmuseet, Nationaltheateret og ei rekkje andre kulturinstitusjonar raude og få kulturarbeidarar til å trille kassar gjennom Trondheim, men nyheita er fersk denne dagen og har endå ikkje nådd inn på øvinga.

Dei er begge overraska over nyheita.

– Det er jo skummelt. For det er jo kanskje då det einaste dei har å leve på og har ein moglegheit til drive med det dei gjer, seier Svenningdal, som får støtte frå kollegaen.

– Sjølv om ein er på eit teater så jobbar ein heile tida parallelt, ein har eit frilansliv ved sida av. No var me veldig heldige som har dette huset som me er engasjert i, men ein merkar jo det at frilansbiten av årsinntekta fall jo bort på dagen, seier Svartveit, som tenkjer på dei som har det som einaste inntekt.

Han meiner at pandemien har vist kor viktig det er med lengre kontraktar og faste tilsetjingar for å oppretthalda miljøet og den faglege utviklinga i bransjen.

«Vere eller ikkje vere»

Denne veka kom det oppmjuking på ein del av koronarestriksjonane som kjem kulturen til gode, mellom anna at det er tilstrekkeleg med eitt ledig sete mellom dei ulike publikumskohortane, sjølv om det då ikkje er éin meter frå skulder til skulder. Det betyr at det er lettare å få plass til 200 publikummarar, som framleis er grensa ved innandørsarrangement.

Det var likevel ikkje sjølvsagt at det var den vegen det skulle gå. Nyleg var helseminister Bent Høie (H) ute og oppmoda Oslo til å innføra strengare restriksjonar på kor mange som kan delta på eit arrangement.

På grunn av aukande smitte i hovudstaden føreslo Helsedirektoratet og FHI ei rekkje tiltak, der eit tak på 50 personar på ulike arrangement var eitt av dei.

Når Framtida.no vitjar teateret er det berre nokre timar til byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) skal halda pressekonferanse og teateret held pusten. Informasjonssjef Ida Michaelsen kallar det eit «vere eller ikkje vere».

– Heldigvis finst det ikkje bevis for smitte på kulturarrangement i Noreg,  seier ho, medan ho følgjer meg fram til teatersalen.

På øvinga til Vikla inn i blått er det omlag 11-12 personar med ulike funksjonar oppe på Hovudscenen. Handspriten har fått plass fremst på scenekanten.

– Ikkje noko å klaga over

Morten Svartveit er ein av dei som ikkje hadde kvidd seg for å gå på teater på grunn av det store fokuset på smittevern og handhevinga av det.

Også skodespelarane er spente på framtida, men 42-åringen er klinkande klår på at dei reglane som vert sett må ein berre følgja.

– Det er ikkje noko å klaga over. Ein må berre gjera det som trengs slik situasjonen er i samfunnet.

Han er innstilt på å spele teater om det er for 500, 200, 50 eller 10 publikummarar.

– Det viktigaste er at me er i gang og at tilbodet er der, konkluderer han, som likevel medgjev at det er ei litt anna oppleving å spela for eit lite spreidd publikum.

Sett menneske på skjerm sidan mars

Også Ina Svenningdal trur at det er viktig at kulturtilbodet vert oppretthalde, sjølv om dei berre skulle få lov å spela for 50 stykk.

Sjølv har ikkje 24-åringen vore på fysisk teater sidan koronanedstenginga, men har sett direktestrøyming av Bienes historie, der Svartveit spelte.

Ho synest det kjennest ut som å vere åleine i salen og at det er eit fint tilbod for dei som ikkje har moglegheita til å sjå det i salen, men medgjev at det ikkje var heilt det same.

– Det skil seg jo frå å vere på vanleg teater berre fordi ein ikkje sit i salen og får det direkte, og får den opplevinga av å sitje å sjå på menneske sånn ordentleg, seier Svenningdal, som legg til:

– Eg har jo sitte og sett på menneske på tv sidan mars, så ein har jo lyst å få ei anna oppleving. Det å sitje i salen å sjå på noko levande, seier Svenningdal, som gler seg til å endeleg debutere på Det Norske Teatret.

Ina Svenningdal (24) synest det går «overraskande fint» å venna seg til språket på Det Norske Teatret. – Det er ikkje ein kjempestor overgang. Det er nokre ord som ligg litt rart, men det går fint.