Studentmållagsleiaren i Oslo si bøn: «Hald på denne setninga»

Jonas Økland
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I februar i år leverte Helga Aune og hennar utval sin NOU, eller Norsk offentleg utgreiing om du vil. Dei hadde då gått gjennom universitets- og høgskulelova, og levert eit revidert forslag, som då må handsamast i Stortinget.

Det er absolutt eit omfattande dokument. Difor gjer eg det no enkelt; her skal det berre snakkast om eit forslag presentert i NOU-en. Nærmare bestemt ei setning.

Dei enkle orda; «Institusjonen skal tilby eksamen på den målformen studenten ønsker» er forslaget som gjer at alle studentar i norsk høgare utdanning skal ha ei lovfesta rett til å få sitt skriftspråk utlevert på eksamen, dersom dei ynskjer det.

Har du gått statleg eigd høgare utdanning, har du hatt denne retten, det har derimot ikkje dei som vel privateigd høgare utdanning. I Noreg i dag vel om lag 40.000 dette. Heldigvis er det dette denne setninga skal ordne opp i.

For oss som er studentar i Oslo, så er det mange som kjem frå land, og strand, dal og fjell, bygd og enno mindre bygd.

Sjølv om hovudstaden er den flotte studentbyen den er, så er det lite nynorsk å oppdrive. Dersom me skal klare å halde på nynorsken som me har hatt som hovudmål i mange år, må det og tilretteleggast for at me kan bruke det i utdanninga vår.

Me ynskjer å vera med å utvikle det norske fagspråket. Me ynskjer å bruke, og potensielt vera med å utforme termar i diverse studieretningar. Me ynskjer mest av alt berre å skrive og lese slik me kjenner best til, lik som alle andre som kjem stressande til eit litt for klamt eksamenslokale.

Ikkje berre fordi eg vil ha eksamenen min på nynorsk er dette ei viktig endring å få med.

Sist Språkrådet laga ei oversikt over kven av universiteta som haldt mållova ved å bruke minimum 25 % av båe skriftspråka, strauk samtlege universitet.

Nokre hadde for lite bokmål i somme kategoriar, men det er likevel fåtalet.

Det seier noko om kor lite prioritert nynorsken er i kunnskapssektoren. Sjølv med eit lovfesta ansvar om utvikling av det norske fagspråket, vert ikkje nynorsken ofra nok krefter. Difor treng me òg denne setninga som eit tydeleg krav til sektoren om at dette er sektoren for å satse på språket, og ei god utvikling av det.

På vegner av veldig mange nynorskbrukarar, ber eg inderleg om at de held på denne setninga når de, politikarane, skal handsame denne NOUen.

De skjønar desse avanserte orda og namna betre enn meg, og de veit best korleis å handsame slike ting. Alt eg kan hjelpe dykk med, er å fortelje korleis de, med veldig enkle grep, kan gjere meg og tusenvis av andre studentar ei stor teneste undervegs.


Har du noko på hjarta? Skriv inn til tips @ framtida.no!