Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det raraste eg nokosinne har lese

Den hangen til å irritere deg over kommafeil er du nøydd til å leggje frå deg eit augeblikk, for i boka Tre vener og ein dum ting bryt forfattaren alle reglar for teiknsetjing.

Det er ikkje lenge sidan debuten i 2018, men allereie har Mads Rage fått ordet kvalitet stempla til namnet sitt. Då han kom med si tredje bok, Tre vener og ein dum ting, hadde eg høge forventingar til innhaldet.

Og etter å ha lese boka ferdig er dommen klar, Mads Rage skuffar ikkje.

146 sider med rein galskap

Omslag: Samlaget

Hovudpersonen og forteljaren i Tre vener og ein dum ting heiter Rånnien. I byrjinga av boka mistar Rånnien hovudet – heilt bokstaveleg. Heldigvis utfører venene Kjørvald og Guri førstehjelp og erstattar hovudet til Rånnien med ein gamal båtradio, det fungerer eigentleg ikkje så veldig bra.

Fantasien til Mads Rage sluttar ikkje der, den fortset faktisk gjennom heile boka. Som du kanskje skjønnar er Tre vener og ein dum ting 146 sider med rein galskap.

Ikkje rom for å slappe av

Om Rage har henta inspirasjon frå Jon Fosse veit eg ikkje, men Tre vener og ein dum ting følgjer ikkje vanlege reglar for teiknsetjing. Boka inneheld faktisk ikkje eit einaste punktum eller komma.

I staden for vanlege setningar vert handlinga fortalt gjennom ein slags ekstrem stream of consciousness-teknikk, og boka er eigentleg berre ein evig straum av ord og tankar. Rånnien har altså munndiaré.

Av og til kan måten Tre vener og ein dum ting er skriven på opplevast som masete og slitsam å lese, det er ikkje noko rom for å slappe av og dagdrøyme medan ein les. Men viss du har tid, lyst og konsentrasjonen til å vere med på språkleiken til Rånnien og Mads Rage så kan boka verte sabla gøy.

Kunne vorte kleint mageplask

Eg kan sjå føre meg at Mads Rage har mora seg godt medan han har sete bøygd over tastaturet og hamra ned nye innfall og idéar, den eine meir absurd enn den andre. Og innimellom har nok gleda over elleville idéar teke overhand og hindra Rage i å utvikle karakterane og handlinga vidare.

Av og til kan det følest som drivet i handlinga stoppar opp, og etter å ha lese boka ferdig sit eg framleis å lurer på kven Rånnien, Kjørvald og Guri eigentleg er. Men det må kanskje verte sånn når Rage har valt å skrive kompromisslaust og utan punktum.

Eg trur at Tre vener og ein dum ting er den raraste og merkelegaste bok eg nokosinne har lese. Dette kunne fort ha verte eit kleint mageplask, Mads Rage er modig og tek mange sjansar, men han landar stabilt nede på jorda.

I bakgrunnen er Joaquin Phoenix i rolla som Arthur Fleck i storfilmen The Joker. I forgrunnen forfattar Mads Rage. Foto: Marie Sjøvold, Samlaget

Fakta:

  • Tittel: Tre vener og ein dum ting
  • Forfattar: Mads Rage
  • Forlag: Samlaget
  • Utgitt: 2020
  • Sjanger: Roman
  • Sidetal: 146 sider