«Folkeopplysningen» nominert til Emmy

NRK-programmet er nominert for den omdiskuterte episoden der programleiar Andras Wahl freista å påverke skulevalet i Lillestrøm med falske nyheiter.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Folkeopplysningen» er nominert til den prestisjetunge Emmy-prisen i kategorien «Non-Scripted Entertainment», melder NRK.

Det er den omdiskuterte episoden, der redaksjonen prøver ut falske nyheiter og valgomatar i møte med elevar på ein vidaregåande skule i Lillestrøm, som har sikra nominasjonen. Stuntet vart beskrive som eit eksperiment.

Programleiar Andreas Wahl har reagert på Emmy-nominasjonen på denne måten, via Twitter: 

Konkurrerer mot «MasterChef»

«Folkeopplysningen» er nominert i klassen «Non-Scripted Entertainment», der den skal bryne seg mot brasilianske «Canta Comigo», sesong 3 av thailandske «MasterChef» og australske «Old People’s Home for 4 Year Olds».

Vinnaren blir kunngjord under ein seremoni i New York 23. november.

– Det er fantastisk å sjå «Folkeopplysningen» hevda seg i denne kategorien, der serien er nominert saman med sterke og velkjende format som har vorte produserte i mange land, seier Jan Egil Ådland, prosjektredaktør i NRK.

Teddy TV lagar «Folkeopplysningen» for NRK, og produsent Tor Erik Olsen seier dei er stolte og glade for nominasjonen.

Les også kommentaren frå Framtida.no-redaktør Svein Olav Langåker: «Forsøket på manipulasjon av skulevalet viser at me treng stemmerett for 16-åringar»

Programleiar Andreas Wahl overraska elevane på Lillestrøm videregående skole onsdag morgon. Foto: Eirik Helland via Urkeappworks2010/Wikimedia Commons/CC BY 2.0