Samfunnet kan vere tilbake til normalen tidlegast om eitt år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur den måten vi lever liva våre på, vil vere nokså normalisert når vi har vaksinert ein stor del av befolkninga. Og det målet vil vi kunne nå om eit års tid, eller godt og vel det, seier departementsråd Bjørn-Inge Larsen i Helse- og omsorgsdepartementet til NTB.

Tre vaksiner vert testa

Minst 180 ulike vaksinar er no under utvikling. Åtte av dei har nådd fase tre i testinga, som er den siste før dei blir godkjende.

Dersom dei mest positive overslaga slår til, blir dei første vaksinedosane leverte til Noreg i byrjinga av neste år. Men derfrå er det framleis ein veg å gå før vi kan senke skuldrene heilt.

– Vi vil ikkje kunne lette så mykje på tiltaka den dagen vi får dei første vaksinedosane. Det vil truleg komme seint i vaksinasjonen, når mange har teke vaksinen, seier Larsen.

Tiltaka er uansett avhengig av smittesituasjonen, og der kan andre faktorar spele inn òg.

– Men når mange er vaksinerte, vil smitten minke av seg sjølv.

Millionar av dosar

Hovudårsaka til at det vil ta tid å få vaksinert mange, er at leveransane vil vere små i starten.

– EU har til dømes bestilt opptil 400 millionar dosar av vaksinen til produsenten AstraZeneca (som er i fase tre). Den vil komme i små volum i starten, medan ein byggjer opp kapasiteten. Den første månaden vil Europa kanskje få ti millionar dosar, men så ser ein for seg at heile leveransen vil vere på plass i løpet av eit halvt år, seier departementsråden.

Det er langt frå sikkert at det er denne vaksinen som til slutt blir teken i bruk, og det er ei rekkje faktorar som kan forseinke arbeidet.

Vern i samfunnet

Men viss fleire av selskapa som jobbar med vaksinar, lykkast, trur Larsen at det vil ta mellom seks og tolv månader å få vaksinert ein stor nok del av befolkninga.

– Meir enn 50 prosent, kanskje 60 eller 70 prosent, av befolkninga må vere vaksinert eller ha hatt sjukdommen før smitten rett og slett døyr ut av seg sjølv, seier han.

Viss dei mest optimistiske overslaga slår til, kan det målet altså bli nådd hausten 2021.

– Då gjer det ingenting om nokon skulle reise på ferie ein stad og komme heim med smitte og eksponere folk rundt seg. For då vil det vere eit vern i samfunnet, seier Larsen.

generasjon korona Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerødholm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida.

Frå venstre: Mathea Onarheim Grønnevik (15), Håvard Folgerø-Holm (15), Jonatan Furnes (14), Edith Nilsen Ådnanes (15) og Ylva Våge Bjørklund (14) er elevar på Bremnes ungdomsskule og har spelt inn små videoar om koronatida. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Stort spørsmål

Tysdag heldt styresmaktene eit seminar om det internasjonale og det nasjonale vaksinearbeidet.

– Vi har lagt til grunn eit estimat om å vaksinere 75 prosent av dei som er i risikogruppa og 50 prosent av befolkninga elles. Det betyr at to tredelar av den vaksne befolkninga i utgangspunktet skal vaksinerast, forklarte helseminister Bent Høie (H).

Smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI) seier til NTB at folk i risikogruppene og dei som jobbar i samfunnskritiske yrke, vil bli prioriterte først når vaksinane byrjar å komme

– Vi har gode rutinar for å få sendt ut mange vaksinar på kort tid, men eg trur noko av det som kjem til å avgrense utsendinga, blir kor mange vaksinedosar vi får inn til landet, seier han.

Iskald lagring

Sannsynlegvis vil det vere fleire covid-19-vaksinar tilgjengeleg på same tid som skal distribuerast ut til kommunane. Og nokre av dei kan vere meir utfordrande å handtere.

– Det finst vaksinekandidatar som kan krevje veldig spesiell sending og lagring, ein av dei krev til dømes lagring i minus 70 grader, forklarer smitteverndirektøren.

Også han understrekar at farten på vaksinasjonen kjem an på leveransane.

– Vi tenkjer vel at viss vi får levert det norske behovet av vaksinar, så må vi kunne klare å få gjennomført dette i løpet av 2021.

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash