«Farmen»-debuten til Mads Hansen vart sett av nær ein halv million

Den tidlegare fotballspelaren og Instagram-profilen kan puste letta ut etter tv-debuten.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vekte oppsikt at Mads Hansen var programleiaren som skulle rykkje inn og overta for Gaute Grøtta Grav, som hadde leidd «Farmen» sidan 2004.

Sjåardel på 43,6 prosent

Før premieren på tysdag oppmoda Hansen den halve millionen som følgjer han på Instagram, til å skru på TV-en og grunngav oppmodinga slik:

– Eg veit at mamma skal sjå på, men det er så flautt for meg viss ho blir den einaste sjåaren.

No kan han notere seg at premieren på tysdag vart sett av 494.000 sjåarar på TV 2 tysdag, noko som, ifølgje Kampanje, gav ein sjåardel på 43,6 prosent.

Det er berre svakt ned frå fjorårspremieren, som samla 507.000 sjåarar. Så langt har premieren på tysdag ein såkalla total screen rating på 560.000 sjåarar, som også inkluderer sjåarar på TV 2 Sumo.

– Lineær-TV går nedover

Før premieren uttalte Hansen til Nettavisen , på spørsmål om han satsa på å knuse sjåartala til Grøtta Grav:

– Det spørst jo med tanke på at lineær-TV går nedover, men det blir gøy å sjå korleis vi gjer det samanlikna med andre program. Men vi får satse på å slå fjoråret.

Programredaktør Kathrine Haldorsen i TV 2 seier seg «veldig godt fornøyd» med «Farmen»-premieren.

– Programmet held fram med å levere svært høge sjåartal og heilt på høgd med fjoråret. Vi har store forventningar til sesongen i år, som verkar ny og oppfriska. Stor honnør også til den nye programleiaren vår, Mads Hansen, seier ho til Nettavisen.

Les også om då Mads Hansen var 20 år og feira bursdagen sin som kommunist: – Eg angrar ikkje på noko

Mads Hansen er aktuell både med ny bok og som ny Farmen-programleiar. Foto: Espen Solli / TV 2
Til høgre: Mads Hansen som 23-åring i 2007. Foto: Privat/Instagram/@mads_hansen11