Unge såg meir på direktesend TV då Noreg stengde ned
Ei ny undersøking viser at 25 prosent fleire unge vaksne såg på direktesend TV etter at landet stengde ned i mars.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Undersøkinga Kantar har gjennomført for NRK blant unge vaksne i alderen 18 til 25 år, viser at 40 prosent såg på direktesend TV frå 13. mars til smitteverntiltaka vart lempa på i midten av juni. Det er 25 prosent fleire enn tidlegare.
Tala inkluderer TV på nett, slik som Dagbladet TV og VGTV
I same periode hadde regjeringa daglege pressekonferansar om koronapandemien.
Undersøkinga viser òg at halvparten av dei unge har brukt nettsidene til Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet og regjeringa for å halde seg oppdaterte på koronasituasjonen. Aviser og nettaviser var likevel viktigast. Dei har vorte brukte av 63 prosent av dei spurde.
Har du fylt TV-kvota di?
- Då kan du kanskje høyre på ein podkast: Her kan du lese kva Konspirasjonspodden sine konspirasjonsfavorittar er.
- Eller lese ei bok: Dette er fem norske klassikarar alle bør lese!