Dei spenstigaste gåvene dei norske kongelege har fått

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 23.11.2020 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Laurdag konfirmerte prins Sverre Magnus seg, og det store spørsmålet i førekant var sjølvsagt: Får han 50-lappar i gratulasjonskort kjøpt på Rema 1000 som resten av Noregs konfirmantar?*

Det synte seg at gåvebordet hans var av det spenstigare slaget, sjølv om Fylkesmennene i landet laut spleise på éin sovepose og eit liggeunderlag.

Prinsen kunne gle seg over å ha fått både kano, surfebrett, ei bok om Høgsteretten si historie (ein real pageturner, det) og det vi kan klassifisere som «ymse kunst».

Framtida.no har kika på gåvene det norske kongehuset har fått, og dette er nokre av høgdepunkta:

Naturreservat

Då prinsesse Ingrid Alexandra konfirmerte seg i fjor fekk ho eit naturreservat kalla opp etter seg, frå den norske regjeringa.

Hengsåsen naturreservat på Bygdøy vart døypt om til Prinsesseåsen naturreservat.

Prinsesseåsen naturreservat ligg på Bygdøy i nærleiken av Dronningberget og Kongeskogen. Foto: Jon A. Markussen/via regjeringen.no

Passar godt saman med turutstyret ho fekk frå Stortinget og turkoppen ho fekk frå Sametinget. Kanskje litt meir stress om prinsessa òg skal bere med seg dei tre bøkene med LOs historie som ho òg fekk, men kven veit?

4,5 millionar kroner (!)

Då kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit gifte seg i 2001 fekk dei 4,5 millionar kroner frå regjeringa – ei krone frå kvar norske innbyggjar. Pengane gjekk vel og merke ikkje til kronprinsparet direkte, men til det humanitære Kronprinsparets Fond.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit gifta seg i Oslo Domkirke lørdag 25. august 2001. 
Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX./POOL spbekeil

(Lat oss likevel sende ein tanke til den som sette att ein lysestake frå Tilbords på det gåvebordet, og tenkte at «no har eg verkeleg skote gullfuglen».)

Galopphesten Lord Lark

Då kong Harald og dronnings Sonja gifta seg i 1968 fekk dei ein hest frå Norsk Jockeyklubb! Det skal ha stått mellom dei to engelske hestane Lord Lark og Clipdas, og valet fall på den første.

Då dåverande kronprins Harald gifta seg med Sonja Haraldsen fekk paret ei mengd gåver. Norsk Jockeyklubb gav paret veddeløpshesten Lord Lark. På bildet: Henry Christensen med hesten Lord Lark og Mrs. Ellis med hesten Clipdas. Begge hestene er to år gamle. Foto: NTB – arkivfoto.

Det viste seg for så vidt å vere eit lurt val, for året etter galopperte Lord Lark inn til siger i Norsk Derby.

Farge-TV før fargesending

På gåvebordet i bryllaupet til dåverande kronprins Harald og Sonja Haraldsen skal der ha stått ein farge-TV.

Ikkje noko merkverdig med det no, kanskje, med i 1968 var fargesending på fjernsyn ei relativt sjeldan affære. Bryllaupet i seg sjølv vart sendt på fjernsyn – i svart-kvitt.

Først i 1971 diskuterte Stortinget om fargefjernsyn skulle innførast i Noreg, og den første sendinga i fargeprakt var talen kong Olav heldt nyttårsaftan same året. Det var likevel først i 1975 at fargesendingar vart standarden.

22 kilo dadlar

Om du er nysgjerrig på kva gåver dei kongelege får, så kan du faktisk sjå fleire år med gåvelister på nettsidene til Kongehuset. Det er slik eg veit at kongen i fleire år har fått 22 kg dadlar og 24 flasker raudvin til jul frå høvesvis den algeriske presidenten og Algerie sin ambassade i Noreg.

Kanskje kongen nyt litt dadlar medan han les i eit av dei fire binda av Bremanger Bygdebok som han fekk til 80-årsdagen?

(Dadlar er digg, men det kan kanskje ikkje heilt konkurrere med gåva britiske dronning Victoria og prins Albert fekk då dei gifte seg i 1840 – dei fekk nemleg eit ostehjul som vog eit halv tonn.)

CD med koreansk musikk

Då kongen og dronninga fekk statsbesøk frå Republikken Korea i 2019 fekk dei mellom anna ein CD med koreansk musikk.

Det er uvisst kva låtar som var på CD-en, men det hadde vore bra stas om k-pop-yndlingane BTS var med:

Red Bull og FIFA

Raudt-politikar Mímir Kristjánsson hadde litt å utsetje på Prins Sverre Magnus sitt gåvebord, fordi det er «mer til livet som 15-åring enn å lese Høyesteretts historie på et liggeunderlag i skogen», som han skreiv på Instagram.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Mímir Kristjánsson (@mimirkristjansson) on

Kristjánsson har difor teke saka i eigne hender, og sendt prinsen ein boks Red Bull, Playstation 4-spelet FIFA 20, og det alle 15-åringar eigentleg vil ha: Eit dikt av Olav H. Hauge.

Musikal-DVD

I 2015 fekk kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit både bok og DVD-sett av musikalen Loving the Silent Tears: The Musical frå Supreme Master Television.

Om du no vert grøn av misunning, så vert du nok glad for å høyre at musikalen ligg tilgjengeleg på YouTube:

Kanskje dei såg på den medan dei naut overflodshornet frå Stein Erik Hagen?

*Det var kanskje berre min generasjon som fekk det, sidan gjennomsnittet for konfirmantar i fjor var greie 52.000 kroner på gåvebordet.