Det svenske kunstnarkollektivet AnonyMouse MMX har slått til igjen og bygd ein platebutikk for eit særs alternativt publikum.
mm

Dei anonyme kunstnarane i AnonyMouse MMX er kjende for å bygge miniatyr-installasjonar for mus rundt om i svenske gater.

No har dei avdekka sitt siste verk: Platebutikken Ricotta Records!

– Kom innom for å lytte til jazz med dei andre jazzmusene, smuglytte til Veronica Formaggios nyaste, eller kjøp ein minidisc, står det skrive på Instagram.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by AnonyMouse (@anonymouse_mmx) on

Destiny’s Cheese

Det skortar ikkje på kreativitet eller auge for detaljar – for i vindauget til platebutikken kan ein skimte LP-ar frå mellom anna Veronica Formaggio og Destiny’s Cheese.

Eller har du fått med deg Amy Winemouse sin store hit Back to brie? 

Kunstnarane opna også for forslag til kva plater dei burde ha i den vesle butikken, og laga små plakatar av dei beste forslaga som kom inn:

Skjermdump frå Instagram: @anonymouse_mmx

Dersom musikkhjarte ditt er meir glad i klassiske tonar, så er der også noko for deg. Wolgang Amadeus Mouzart sin String Cheese Quartet No. 19 er nemleg også å finne i platebutikken.

Frå nøttebutikk til detektivbyrå

Dette er ikkje første gong AnonyMouse MMX har liva opp svenske gater. Dei første miniatyr-installasjonane dukka opp i Malmø for fire år sidan, med ein liten restaurant og ein fransk nøttebutikk.

Sidan den gong har AnonyMouse MMX laga både trivselspark, bensinstasjon, bokhandlar, apotek og detektivkontor.

I den vesle franske byen Bayonne dukka det i oktober 2018 opp eit reisebyrå og ein jazzklubb for mus (t.v), medan mus i svenske Gustavberg har fått gleden av eit konditori, og dei i Malmö har kunna gått i både bokhandel og på teater.  Skjermdump frå Instagram: @anonymouse_mmx

I fjor kunne også bebuarane i Malmö hjelpe detektivmusa Olivia Flaversham å finne att borgermeisteren sin stolne ost. For ostebanken Fort Nux var ikkje så innbrotsikker som ein kanskje hadde trudd.

Darius. Foto: Privat

LES OGSÅ

ANNONSE