Hurtigruten får kritikk for same-karikatur

Eit nederlandsk reiseselskap marknadsfører Hurtigruten med ein karikatur av ein samegut.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er jo joikakaker på nytt. Eg synest det ser veldig likt ut som joika-emblemet, seier professor ved UiT, Ketil Hansen, til NRK.

Det nederlandske reiseselskapet Norske Noorwegen Reizen brukar ein samisk karikatur i logoen sin. I logoen er òg logoen til Hurtigruten, sidan selskapet leverer Hurtigruten-turar.

– Dette er ei stereotypisk framstilling av det samiske som vi har diskutert veldig mykje no i det siste. Å framstille samar på den måten er ein type kulturelt tjuveri, seier Hansen til statskanalen.

Hurtigruten vil ta opp saka

Norske Noorwegen Reizen reklamerer med at dei er ekspertar på Noreg og har samarbeida med Hurtigruten sidan 1991.

– Med tanke på at reisebyrået har selt reiser til Noreg sidan 1953, og sel reiser på vegner av ei rekkje store norske bedrifter, er det lett å seie i dag at nokon burde teke denne praten med dei ein gong dei siste 60 åra. No skal i alle fall vi ta ein prat med dei, og forklare kvifor det er fleire som kan reagere på logoen deira, seier marknadsdirektør i Hurtigruten, Stine Steffensen Børke, til rikskringkastaren.

Det nederlandske reisebyrået opplyser at dei ikkje har hatt som intensjon å fornærme nokon med logoen og seier at dei vil endre han.

Les også: Verken NRK, SVT eller Yle tekstar på samisk: – Skulle gjerne sett Skam med samisk tekst

Til høgre: Vegard Holtås (20) vil primært ha samisk tekst på samiskspråklege program, men ynskjer seg også samisk tekst på populære ungdomsprogram som Skam. Til venstre er Marlon Langeland i rolla som Jonas. Foto: Privat/NRK